IHM
  • Heim
  • Unikt samarbeid med Disney

Unikt samarbeid med Disney

Donald Duck skal læra norske barn å kjeldesortera!

I eit eineståande samarbeid med Disney gjev LOOP og Avfall Norge ut eit spesialnummer av Donald Duck 10. januar 2007. Bladet inneheld historier om kjeldesortering og miljø, og vert distribuert gjennom skulane til 100.000 elevar over heile landet.

I bladet kan me mellom anna lesa om korleis Donald avslører Nabo Jensen som miljøsyndar, om korleis Petter Smart hjelper ordføraren med å verta kvitt bosfjellet til Andeby, og om korleis Hakkespettane Ole, Dole og Doffen oppdagar nokre svært så hissige fiskar i den forureina Svartsjøen.

- Donald Duck har ei stor gjennomslagskraft ikkje berre hjå barn, men òg hjå foreldra.
- Bodskapen om kjeldesortering er ein bodskap om dugnadsånd og den einskilde sin innsats i eit felles prosjekt. Hakkespettane er miljøvernpionerar, og i denne samanheng er Donald Duck ein framifrå ambassadør.

I tillegg til vanlege teikneseriehistoriar, inneheld bladet fire sider informasjon om avfall og kjeldesortering frå LOOP og Avfall Norge.

Indre Hordaland Miljøverk skal dela ut bladet til 4. klassingar som kjem på besøk til IHM sitt avfallsanlegg på Voss eller til miljøstasjonane i IHM-kommunane.

Tilbake til Barn og unge

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300