IHM

EE-avfall næring

Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) er alle produkt som er eller har vore avhengige av elektrisk straum eller batteri for å fungera, når produkta vert avfall. Gjeld òg kablar og leidningar. EE-produkt inneheld skadelege stoff som bly, kadmium, kvikksølv, PCB og bromerte flammehemmarar. Slike stoff kan skada både menneske, dyr og natur. EE-avfall inneheld også metall som kan gjenvinnast. Det er difor viktig at alle slike produkt vert sortert frå anna avfall, og levert til godkjend mottak.

Lovregulering

I Noreg er innsamling av EE-avfall strengt regulert gjennom "Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall" (avfallsforskrifta), kap.1: www.lovdata.no. Forskrifta forpliktar produsentar og importørar av EE-produkt å ta hand om kasserte produkt på ei miljørett måte, og å utnytta ressursane i desse.

Forskrifta pålegg forhandlar å ta imot næringsavfall vederlagsfritt ved nykjøp av tilsvarande mengde EE-produkt og kommunen å ta imot EE-avfall som er næringsavfall. Kommunen kan krevja vederlag for mottaks- og lagringskostnader for EE- avfall frå næring, i motsetnad til for EE-avfall frå hushald. Sjå avfallsforskrifta.

Miljø

Føremålet med avfallsforskrifta er å redusera miljøproblema EE-produkt forårsakar når dei vert avfall. Dette skjer gjennom særskild innsamling, utsortering og handsaming av material og komponentar som er farleg avfall, og høg grad av gjenvinning av materiala elles. Forskrifta skal sikre at slikt avfall vert gjenvunne der det er velgrunna med omsyn til miljø, ressursar og økonomiske tilhøve.

Både med tanke på energibruk og utslepp av CO2 er gjenvinning av metaller frå EE-avfall, svært gunstig. I tillegg er metall som kopar, aluminium, gull og sølv verdfulle råstoff.

Treng du råd?

IHM kan ta imot alt EE-avfall frå din verksemd. Me har løysingar og utstyr for å samla inn EE-avfall i samsvar med reglar og forskrifter, og hjelper deg gjerne med rettleiing og spørsmål. Send førespurnad om meir informasjon, tilbod eller bestilling av tenester på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller kontakt oss på 56 52 99 00.

Sjå foldar om: "Elektrisk og elektronisk avfall i bygg- og anleggsprosjekt: Kva er EE-avfall – og hvordan skal det håndteres?" 

Døme på slike produkt frå næringsverksemd er:

  • Data- og telekommunikasjonsutstyr
  • Brunevarer
  • Medisinsk utstyr
  • Kontormaskiner
  • Elektriske og elektroniske leiker
  • Speleautomatar
  • Kvitevarer
  • Ur
  • Omnar
  • Lysstoffrøyr
  • Pærer og armatur
  • Utstyr for oppvarming og ventilasjon
  • Utstyr og instrument for måling og kontroll
  • Transformatorar
  • Verktøy
  • Alarmanlegg
  • Røykvarslarar
  • Anna elektronisk utstyr

Les meir om EE-avfall på Miljødirektoratet sine sider her

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300