IHM

Farleg avfall næring

Farleg avfall er avfall som ikkje kan handsamast saman med anna avfall på grunn av faren for forureining eller skade på menneske og dyr. Kvart år kjem 50 000 tonn slikt avfall på avvegar her i landet. Mykje av dette endar opp i naturen, i avløp eller i avfallsdeponi, noko som er eit alvorleg miljøproblem. 

 

Døme på farleg avfall

  • Måling, beis, lakk og lim, sparkel, fugemasse, silikon, akryl
  • Olje, oljeprodukt og oljefilter
  • Plantevern- og skadedyrsmiddel
  • Reingjeringsmiddel og kjemikaliar som møbelpolish, sølvpuss, Plumbo og avfeittingsmiddel
  • Sprayboksar t.d. hårspray, myggspray
  • Batteri: oppladbare-, knappecelle og bilbatteri
  • Bilprodukt som kjøle-, frost-, og spylarvæske
  • Produkt med ftalatar (golvbelegg, fugeskum og cellegummi m.m.)
  • Produkt med bromerte flammehemmarar (polystyren, tekstil, brytarar, kontaktar, kretskort m.m.)
  • Trykkimpregnerte materialar
  • Glasruter med PCB (prod. 1965-1979)
  • Glasruter med klorparafinar (prod. 1975-1991)

Handsaming av farleg avfall

Farleg avfall skal handsamast forsvarleg. Alle som oppbevarer, transporterer eller handsamar farleg avfall, skal treffa naudsynte tiltak for å unngå fare for forureining eller skade på menneske eller dyr.

Farleg avfall skal ikkje blandast saman med anna avfall. Ulike typar farleg avfall skal ikkje samanblandast dersom dette kan føra til fare for forureining, eller skapa problem for den vidare handsaminga av avfallet.

Leveringsplikt

Verksemder der det oppstår farleg avfall, skal levera dette til den som etter § 11-6 og § 11-7 i avfallsforskrifta kan handtera avfallet. Det farlege avfallet skal leverast minst 1 gong per år. Leveringsplikt inntrer ikkje før den totale mengda farleg avfall overstig 1 kg. Her kan du lesa meir om dine plikter som avfallsbesitter av farleg avfall.

Dersom verksemda vert lagd ned eller får driftsstans utover 3 månader, trer leveringsplikta inn umiddelbart.

IHM har alle naudsynte godkjenningar for å ta imot farleg avfall. Leverer du farleg avfall til oss får du dokumentasjon, slik styremaktene krev. Ta kontakt for gjennomgang av behov og vurderingar i samsvar med gjeldande reglar og forskrifter.

Meir om farleg avfall og miljøplikter:

www.arbeidstilsynet.no

www.miljostatus.no

www.renas.no

www.miljodirektoratet.no/Tema/Kjemikalier/Miljogifter/

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300