IHM

Deklarasjon, farleg avfall

Myndigheitene har innført krav om at alle verksemder som har leveringsplikt for farleg avfall skal deklarere dette elektronisk og at det gamle papirskjemaet for deklarering går ut av bruk. Etter 1. mai kan IHM ikkje lenger ta imot deklarasjonar på «gamlemåten».

Avfallsforskrifta (kapittel 11 og 16) stiller krav om at verksemder som har leveringsplikt for farleg avfall, skal gje tilstrekkelege opplysningar om avfallet ved levering (jf. §§11-12 og 16-9). Det skal dirfor fyllest ut eit deklarasjonsskjema som er godkjent av Miljødirektoratet. Opplysningane er nødvendig for at den vidare handteringa av avfallet skal skje på forsvarleg måte. Det er denne deklareringa som no skal gjerast elektronisk.

Systemet for elektronisk deklarering har vore aktivt sidan 2015 og frå 1. mai 2016 vert det obligatorisk å bruke dette. Avfallsforskrifta §11-12 definerer klart at det er den verksemda som har leveringsplikt for det farlege avfallet, som skal stå for deklareringa. Det har vist seg utfordrande å få verksemdene til å gjera jobben som må til for å komme i gang med elektronisk avfallsdeklarering, og sender difor ut ei kort rettleiing:

  • Dagleg leiar må logga seg inn på bedrifta si Altinn side og delegere rolla for «Energi, miljø og klima» til den i verksemda som skal vera administrator for dette. (Kontakt Altinn på telefon 75 00 60 00 om du har vanskar med innlogging)
  • Dersom det er fleire som skal stå for denne oppgåva kan denne rolla verta delt ut til fleire.
  • Når rette personar har fått rolla for «Energi, miljø og klima» kan han/ho logga seg inn på www.avfallsdeklarering.no for å oppretta ein bedriftsprofil.
  • Administrator opprettar så Sluttbruker for dei personane som skal stå for deklareringa.
  • Me tillèt oss å minne om at avfallet skal deklarerast før transport og at ei utskrift skal følgje transporten.

Ei meir detaljert beskriving av denne prosessen kan lesast her: www.miljødirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M355/M355.pdf

og www.avfallsdeklarering.no/Veiledere

For rettleiing om farleg avfall anbefaler me å bestilla Norsk Foreining for Farlig Avfall sin rettleiar på www.nffa.no

Deklarering av farleg avfall kan òg verta sett vekk til konsulentar. Ein må då oppretta ei fullmakt i Altinn til den som skal gjere dette. IHM kan tilby dette som ei teneste dersom det er eit ynskje.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300