Jon Sverre Nesheim ynskjer deg velkomen med farleg avfall
Utan ein er heilt klar over det, så har dei aller fleste farleg avfall i huset. Det er ikkje skadeleg å ha farleg avfall i huset, men det bør behandlast med forsiktigheit.
Kva er så farleg avfall: «Avfall som ikkje hensiktmessig kan håndterast saman med anna hushaldningsavfall fordi det kan medføre alvorlege forurensingar eller fare for skade på mennesker eller dyr»
Kva skal kastast som farleg avfall?
- Dei fleste spryabokser, som hårspray, formfett, krem på boks, spray-deodorantar og liknande innheld drivagss som er farleg avfall. Det er denne gassen me ikkje ynskjer skal koma ut i naturen.
- Parfymeflasker med innhald
- Reingjeringsmiddel
- Maling, lim og lakk
- Lysstoffrøyr og sparepærer
- Løsemiddel
- Bil – og båtpleieprodukt
- Skismøring med fluor og skirens
- Batteri
- EE-avfall (alle artiklar som brukar straum frå stikkontakt eller batteri)
Hjå IHM kan du som privatperson levera inntil 1000 kg farleg avfall utan kostnad. Dette inngår i ditt hushaldsabonnement. IHM sender dette vidare til trygg behandling hjå godkjent anlegg.
Lag gjerne din eigen «miljøstasjon» heime der du samlar farleg avfall forsvarleg og på ein slik stad at ikkje små born/dyr har tilgang.
Me advarer og om konsekvensar det kan få dersom farleg avfall vert levert saman med hushaldsavfall. I verste fall kan det medføre brann i kammeret til våre renovasjonsbilar.
Er du i tvil om noko er farleg avfall, er det best å ikkje ta sjansar. Lever dei uansett som farleg avfall til næraste miljøstasjon så er du sikra at miljøfarleg stoff ikkje lekk ut i naturen.
Du kan enkelt og søke om avfallstype på www.sortere.no og du får svar på det du søker opp. Vil du ha lett tilgjengeleg kan du og laste ned sortere-appen frå App Store eller Google Play.
Takk for at du bidreg til rett kjeldesortering!