Forbod om svarte avfallsekker frå nyttår ved levering til miljøstasjon
Frå nyttår vart det forbode å levere restavfall til miljøstasjonen i svarte sekker. Dette vert gjort av miljø- og tryggleiksomsyn.
Erfaring viser at avfall som er forbode å kaste i restavfallet, ofte vert kasta feil. Når avfallssekkene inneheld farleg avfall og litiumbatteri, utgjer dette ein risiko både med omsyn til miljøet og tryggleiken til dei som sorterer avfallet. Praksisen medfører at det vert vanskeleg for IHM å utføra mottakskontroll i tråd med gjeldande konsesjonar. Gjennomsiktige avfallssekker er å få på dei fleste daglegvareforretningar mm.
Takk for at du tek tryggleiken på alvor. Om du har spørsmål, ta kontakt på tlf. 56 52 99 00.