IHM

God kompost

Det finst fleire måter å kompostere på, men grunnprinsippa er dei same for all kompostering. Nedbrytingsprosessen er hovudsakleg avhengig av fire faktorar. 

1. Lufttilgang

Det er naudsynt at heile komposten har rikeleg tilgang på oksygen. Når lufttilgangen blir dårlig, vert avfallet brote ned av ein type mikroorganismar som greier seg utan luft. Dette er forråtnelse og ikkje kompostering.

Ved forråtnelse dannes m.a. metan, lystgass og hydrogensulfid. Resultatet er at at komposten byrjar å lukte ubehagelig. Dette betyr i praksis at kjøkkenavfallet må blandes med tørr grov stø, (t.d. kutterspon) slik at komposten blir porøs nok til at luft kan passere gjennom heile komposten.

2. Fuktigheit

Ein kompost er heilt avhengig av fuktigheit. Dersom komposten tørker ut, stopper nedbrytingsprosessen. Det må heller ikkje vere for mykje vatn i komposten. Då stenger vatnet oksygenet ute, og komposten vil byrje å lukta vondt. Ein kompost skal vera vere fuktig, men ikkje våt.

3. Forholdet mellom karbon og nitrogen (C/N-forholdet)

Treverk, stilker og anna grovt hageavfall inneheld mykje karbon og lite nitrogen. Kjøkkenavfall inneheld mykje nitrogen. Næringsinnholdet i avfallet som komposterast er avgjerande for resultatet.

Forholdet mellom desse to grunnstoffene er avgjerande i nedbrytingsprosessen. Ideelt bør det vere 20 - 30 deler karbon for kvar del nitrogen. Dette høyrest vanskeleg ut, men i praksis er det enkelt.

Når det er for lite nitrogen (næringsrikt matriale) vil ikkje mikroorganismane kunne utvikla seg, og nedbrytinga går svært sakte. For mykje nitrogen er det når mikroorganismane ikkje klarer å bruka alt til eiga vekst. Det dannes då ammoniakk og andre illeluktane gassar.

I praksis må minst 25 % av det du leggjer i komposten vere tørr næringsfattig strø.

4. Temperatur

Nedbrytingshastigheita er heilt avhangig av temperaturen. Nedbrytinga går best når temperatur ligg mellom 30-50 grader. Det er ein fordel at komposten held over 45 grader, då flogene ikkje toler temperaturen. I ein god varmekompost kan temperaturen komme heilt opp i 70 grader, men då stoppar prosessen opp.

I ein vanleg hagekomposthaug går nedbrytinga fint om somaren, men om vinteren vil den fryse, og komposteringsprosessen stopper heilt opp. I ein isolert kompostbeholder vil varmen frå sjølve nedbrytingsprosessen halda temperaturen oppe, dersom det vert tilført avfall jamnleg.

Ved temperatuar over 50 grader vil dei fleste sjukdomsorganismar og ugrasfrø bli uskadeleggjort. Sjukdomsorganismar utryddast som regel og ved lågare temperaturar, då dei er dårleg tilpassa livsmiljøet i komposten.

Kva kan komposterast

  • Restar av brød, kaker og andre kornprodukter
  • Restar av kjøtt og fisk
  • Sausar, supper, mjølk, ost, marmelade m.m.
  • Grønsaker, bær og frukt
  • Tørkepair og serviettar (små mengder)
  • Kaffegrut, teposar og eggeskal (knus helst eggeskala)
  • Pairbleier som ikkje er belagt med plast
  • Potteplantar som det ikkje har vore brukt sprøytemiddel på
  • Kylling-bein, fiske-bein, kjøtt-bein

Kva kan komposterast av hageavfall

  • Lauv og gras i små mengder.
  • Greiner (små og eller oppdelte)
  • Spon og flis av lauv og bartre
  • Bark og gras av jordtorv
  • Ugras og prydplanter
  • Husdyrgjødning
  • Blader og ris frå grønsaker
  • Det bør ikkje væra over 20 % hageavfall i kompostbingen

Kva kan ikkje komposterast

  • Plast, glas og metall
  • Plast og metallbelagt papir
  • Kulørt og eller glansa papir
  • Isopor
  • Garva skinn og lervare
  • Porselen, fajanse, krus og glasert potteskår
  • Gummi og gummierte tekstilar
  • Støvsugarposar og husstøv
  • Impregnerte og antiråtebehandla teksilar
  • Tekstilar av kunstfibre
  • Bord, plank og flis av trykkinpregnert matriale
  • Store greiner, bitar av plank og bord m.m. som er for store til at formoldinga går fort nok
  • Stumpar av sigaretter og sigarettoske, oske frå ovn
  • Petroliumsprodukt, måling, lakk m.m.
  • Kjemikalier
  • Vaskemiddel, vaskefiller
  • Restar av medisin
  • Forureina papir og pussegarn
  • Sagmugg, flis, bord og plank som har vore behandla med måling, beis, lakk m.m.

 

Kompostering steg for seg

1. Botnlaget
25 - 30 cm luft og drenselag
Småkvistar/Stauder/Røsslyng

2. Eit avisark
perforert med 100 - 200 hol

3. Grov strø
5 - 10 cm (må vera tørr)

4. Tøm avfallet i midten
Her er temperaturen høgast

5. Legg litt strø rundt i kantane
Strøet tek opp veske

6. Legg strø over
Tar opp damp og lukt

7. Neste gong ein legg i avfall
- Grav ei grop i midten.
- Legg avfallet i gropa.
- Dekk over med strø.

8. Full omrøring av dei øverste 30 cm. ein gong kvar veke (evt. annakvar).

 

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss