IHM

God påske!

Mange tek påskefri frå kjeldesorteringa! Her finn du nyttig info om sortering. 

Større hyttefelt i vår region har sorteringsløysingar. Returpunkt for glas- og metallemballasje finn du ved dei fleste hyttereturpunkt, daglegvarebutikkar og campingplassar. Returpunkt for hytter finn du her. Dersom det er fullt ved returpunktet du vanlegvis nyttar, kan du sjekke om det er plass ved neste returpunkt. Hald det reint og fint rundt returpunkta, slik at det vert triveleg for alle - både for brukarane og for renovatøren. Då er det større sjanse for at dei som kjem etter deg gjer det òg.

Byggje- og riveavfall, asbest, trykkimpregnert materiale, trevirke, metall, møblar, farleg avfall og elektrisk- / elektronisk avfall skal leverast til lovleg mottak, som er IHM sine miljøstasjonar. Elektrisk- og elektronisk avfall kan du òg levere i retur til forhandlar.

Dersom skismurninga inneheld fluor eller fluorkarbonar, må restar av både voks, klister og glider leverast som farleg avfall. Smurningsrester som ikkje inneheld fluor og fluorkarbonar, sorterer du som restavfall.

Hugs å pante! I Noreg har vi verdas beste pantesystem. Ingen andre tilsvarande system er så bra for naturen. Til trass for dette kastar vi 75 millionar flasker og boksar i restavfallet kvart år!

Det aller beste du kan gjere for miljøet i påska er å ete opp maten! Kvart år kastar kvar og ein av oss store mengder mat som burde ha vore eten, i gjennomsnitt 42 kg per person.

God påske - på naturen si side!

 

iStock 000058734730 medium

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300