IHM
  • Heim
  • Ikkje ta ferie frå kjeldesortering - God sommar !

Ikkje ta ferie frå kjeldesortering - God sommar !

Endeleg er det sommar og ein ser fram til ferie! I år vil nok dei aller fleste av oss feriere i Norge. Nordmenn elskar å feriere i Norge, og Norge elskar nordmenn på ferie. Flotte fjordar, fjell, fossefall og brear.

Mangen av oss vil òg bruke meir tid på hytta.

Dei siste åra har mengda avfall frå hyttene eksplodert. Ei av årsakene er nok at mange hytter er i bruk større delar av året.

Med fleksible arbeidstidordningar, moglegheit for tidleg pensjon og fleire generasjonar som nytter hyttene i lag, er det nærast heilsårsbruk på mange hytter.

Kos er for dei fleste synonymt med mat og drikke, og enkelt er for mange ferdigmat med eingongsemballasje. Planlegg når du handlar og et opp maten. Det er truleg det beste du kan gjere for miljøet i sommar.

Større hyttefelt i vår region har sorteringsløysingar. Ein god del punkt for hytterenovasjon har òg ordning for levering av papir, plast og glas- og metallemballasje.

Bygg- og rivingsavfall, asbest, trykkimpregnert materiale, trevirke, metall, møblar, farleg avfall og elektrisk avfall skal leverast til lovleg mottak. Elektrisk og elektronisk avfall kan du òg levere i retur til forhandlar.

 

God sommar - og hugs kjeldesortering!

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300