IHM

Hushald eller næring?

Om avfallet er hushaldsavfall eller næringsavfall kan vera avgjerande for om du skal betala ved levering.

Ordninga med kostnadsfri levering av farleg avfall inntil 1000 kg gjeld hushaldningane. Grunnen til dette er at kostnaden ved handsaming av dette avfallet vert dekka over avfallsgebyret som hushaldningane betaler. Kva er det så som definerer kva som er hushaldsavfall og næringsavfall? Dette er eit spørsmål som mange avfallsselskap møter. Også IHM. 

Miljødirektoratet si tolking av dette spørsmålet kan lesast i denne presiseringa frå Fylkesmannen i Nordland frå 2016. 

Den underliggande vurderinga kring dette er altså at dersom avfallet er ein konsekvens av næringsaktivitet så er det næringsavfall. Dersom avfallet oppstår ved husholdningen sin eigen aktivitet, altså sjølvgjort arbeid, er avfallet husholdningsavfall. Betalt vekktransport av avfallet reknast også som næringsaktivitet. 

IHM har tillit til at abonnentane ved levering til miljøstasjonen oppgjev rett informasjon men har altså ikkje anledning til å motta avfall som opplagt er resultat av næringsaktivitet kostnadsfritt.

Meir om dette kan lesast her:

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss