Bruksrettleiing for IHM-appen
1. Last ned
Last ned appen frå:
Etter at appen er installert vert du spurd om om å gje løyve til sporing i appen. Du treng ikkje godkjenne dette for å kunne bruke appen.
Du vil vidare få spørsmål om du vil motta varslingar. Dette er for at du skal få melding om når du skal setje ut dunkane, og motta varsel frå IHM. Du vel sjølv om du vil ha dette.
2. Opningsbilete
Deretter må du setje opp kva tømmerute du har:
3. Type hushald
Du må først velje om du har småhushald eller normalhushald/storhushald. Dette fordi det er forskjellig tømmefrekvens alt etter kva abonnementstype du har.
4. Kommune og stad
Så vel du kommunen du bur i, og stad i kommunen. Du trykker då på staden du bur, og ikkje sjølve ruta for å velje den. Her har me vald Ullensvang, og deretter Utne på rute 15:
(Du trykker på staden du bur, og ikkje rutenummeret, for å velje.)
5. Tømmekalender
No vil du få fram tømmekalenderen din på framsida i appen. Her kan du sveipa vidare til dei neste tømmedagane, om du ynskjer det.
6. Varsling
Om du vil ha varsling om å setje ut dunken, går du inn i innstillingane og vel «Varslingsinnstillingar»
Her kan du velje om du vil ha varsel dagen før eller same dag, og klokkeslett.
7. Informasjon, miljøstasjonar, kontaktskjema
Trykkjer du på dei tre kvite strekane oppe til venstre på det grøne feltet, kjem du til menyen.
Der du kan m. a. finne miljøstasjonane våre, eller kontaktskjema til oss.
I MELDINGAR, vil alle meldingar me sender deg liggje. Dette kan vere meldingar om forseinka ruter eller annan nyttig informasjon me sender.
For å slå av eller på sporing – går du inn på INFORMASJON, og endrar dette.
8. Endre tømmerute og varsling
Vil du sjå tømmerute for ei anna rute enn den du har valt, går du til startsida der du ser tannhjulsymbolet oppe til høgre.
Her kan du velje tømmerute (sjå punkt 4) og varsling på nytt.
Appen kan i dag berre ha vising for ei tømmerute. Du kan ikkje velje å ha to eller fleire favorittruter.
Straumsparing for Android-telefonar
Gå til "Innstillinger > Apper".
Vel dei 3 dottane i høgre hjørne > Spesiell tilgang > Optimaliser batteribruk.
Byt så «Apper ikke optimalisert» til «Alle apper».
Finn IHM-appen og slå av brytaren for optimalisering.
Gå til "Innstillinger > enhetsvedlikehold". Trykk på «Batteri».
Bla nedst på sida og vel «Apper som ikke overvåkes».
Vel dei 3 prikkane i høgre hjørne > "Legg til apper".
Finn IHM–appen og trykk utfør.