IHM

God kompost

Det finst fleire måter å kompostera på, men grunnprinsippa er dei same for all kompostering. Nedbrytingsprosessen er hovudsakleg avhengig av fire faktorar. 

1. Lufttilgang

Det er naudsynt at heile komposten har rikeleg tilgang på oksygen. Når lufttilgangen blir dårlig, vert avfallet brote ned av ein type mikroorganismar som greier seg utan luft. Dette er forrotning og ikkje kompostering.

Ved forrotning vert det danna m.a. metan, lystgass og hydrogensulfid. Resultatet er at komposten byrjar å lukta ubehagelig. Dette betyr i praksis at kjøkkenavfallet må blandast med tørr, grov stø, (t.d. kutterspon) slik at komposten vert porøs nok til at luft kan passera gjennom heile komposten.

2. Fuktigheit

Ein kompost er heilt avhengig av fuktigheit. Dersom komposten tørkar ut, stoppar nedbrytingsprosessen. Det må heller ikkje vera for mykje vatn i komposten. Då stengjer vatnet oksygenet ute, og komposten vil byrja å lukta vondt. Ein kompost skal vera fuktig, men ikkje våt.

3. Forholdet mellom karbon og nitrogen (C/N-forholdet)

Treverk, stilkar og anna grovt hageavfall inneheld mykje karbon og lite nitrogen. Kjøkkenavfall inneheld mykje nitrogen. Næringsinnhaldet i avfallet som komposterast er avgjerande for resultatet.

Forholdet mellom desse to grunnstoffa er avgjerande i nedbrytingsprosessen. Ideelt bør det vera 20–30 deler karbon for kvar del nitrogen. Dette høyrest vanskeleg ut, men i praksis er det enkelt.

Når det er for lite nitrogen (næringsrikt matriale) vil ikkje mikroorganismane kunne utvikla seg, og nedbrytinga går svært sakte. For mykje nitrogen er det når mikroorganismane ikkje klarer å bruka alt til eigen vekst. Det vert det danna ammoniakk og andre illeluktane gassar.

I praksis må minst 25 % av det du legg i komposten vera tørr, næringsfattig strø.

4. Temperatur

Nedbrytingshastigheita er heilt avhangig av temperaturen. Nedbrytinga går best når temperatur ligg mellom 30–50 grader. Det er ein fordel at komposten held over 45 grader, då flogene ikkje toler den temperaturen. I ein god varmekompost kan temperaturen koma heilt opp i 70 grader, men då stoppar prosessen opp.

I ein vanleg hagekomposthaug går nedbrytinga fint om sommaren, men om vinteren vil den frysa, og komposteringsprosessen stopper heilt opp. I ein isolert kompostbehalder vil varmen frå sjølve nedbrytingsprosessen halda temperaturen oppe, dersom det vert tilført avfall jamnleg.

Ved temperaturar over 50 grader vil dei fleste sjukdomsorganismar og ugrasfrø bli uskadeleggjort. Sjukdomsorganismar vert som regel utrydda ved lågare temperaturar òg, då dei er dårleg tilpassa livsmiljøet i komposten.

Kva kan komposterast

  • Restar av brød, kaker og andre kornprodukter
  • Restar av kjøtt og fisk
  • Sausar, supper, mjølk, ost, marmelade m.m.
  • Grønsaker, bær og frukt
  • Tørkepair og serviettar (små mengder)
  • Kaffegrut, teposar og eggeskal (knus helst eggeskala)
  • Pairbleier som ikkje er belagt med plast
  • Potteplantar som det ikkje har vore brukt sprøytemiddel på
  • Kylling-bein, fiske-bein, kjøtt-bein

Kva kan komposterast av hageavfall

  • Lauv og gras i små mengder.
  • Greiner (små og eller oppdelte)
  • Spon og flis av lauv og bartre
  • Bark og gras av jordtorv
  • Ugras og prydplanter
  • Husdyrgjødning
  • Blader og ris frå grønsaker
  • Det bør ikkje væra over 20 % hageavfall i kompostbingen

Kva kan ikkje komposterast

  • Plast, glas og metall
  • Plast og metallbelagt papir
  • Kulørt og eller glansa papir
  • Isopor
  • Garva skinn og lervare
  • Porselen, fajanse, krus og glasert potteskår
  • Gummi og gummierte tekstilar
  • Støvsugarposar og husstøv
  • Impregnerte og antiråtebehandla teksilar
  • Tekstilar av kunstfibre
  • Bord, plank og flis av trykkinpregnert matriale
  • Store greiner, bitar av plank og bord m.m. som er for store til at formoldinga går fort nok
  • Stumpar av sigaretter og sigarettoske, oske frå ovn
  • Petroliumsprodukt, måling, lakk m.m.
  • Kjemikalier
  • Vaskemiddel, vaskefiller
  • Restar av medisin
  • Forureina papir og pussegarn
  • Sagmugg, flis, bord og plank som har vore behandla med måling, beis, lakk m.m.

 

Kompostering steg for seg

1. Botnlaget
25 - 30 cm luft og drenselag
Småkvistar/Stauder/Røsslyng

2. Eit avisark
perforert med 100 - 200 hol

3. Grov strø
5 - 10 cm (må vera tørr)

4. Tøm avfallet i midten
Her er temperaturen høgast

5. Legg litt strø rundt i kantane
Strøet tek opp veske

6. Legg strø over
Tar opp damp og lukt

7. Neste gong ein legg i avfall
- Grav ei grop i midten.
- Legg avfallet i gropa.
- Dekk over med strø.

8. Full omrøring av dei øverste 30 cm ein gong kvar veke (evt. annakvar).

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300