IHM
  • Heim
  • Hushald
  • Hushald eller hytte? Hugs miljøID-app eller kundekort på miljøstasjonen!

Kundekort for hushald og hytte ved besøk til miljøstasjonen

Når du skal levera avfall til ein av miljøstasjonane våre må du ha med IHM-kundekort eller miljøID-appen. Slik ynskjer me å sikra at det er betalande abonnentar som får levera ulike fraksjonar gratis eller til abonnementpris. Med kundekortet eller miljøID-appen identifiserer du deg som innbyggjar i IHM regionen. Med identifisering blir det retterdig og enklare for alle. 

Om IHM-kortet

 

Frå 01.02.2022 må du nytta IHM-kundekort eller miljøID-appen når du skal levera avfall til ein av våre miljøstasjonar. 

Med kundekortet eller miljøID- appen  identifiserer du deg som innbyggjar i IHM regionen. Årsaka til at me no innfører IHM -kortet er at me ynskjer å sikra at det er betalande abonnentar som kan levere ulike fraksjonar gratis eller til abonnementpris. Med identifisering blir det rettferdig for alle, og enklare for oss å skilja kundane.

  • Du kan framleis levera ulike fraksjonar gratis eller til abonnementspris på alle IHM sine miljøstasjonar, så lenge du har med deg IHM-kortet/miljøID-appen.
  • For å unngå unødvendig kø, last ned miljøID-appen og logg deg inn ( pdfrettleiar finn du her), eller ha IHM -kortet klart før du køyrer til miljøstasjonen. Skjema for bestilling av fysisk IHM-kundekort: Bestillingsskjema for IHM kundekort
  • Ein av våre operatørar vil registrera besøket og avfallet ditt på stasjonen ved hjelp av IHM-kortet eller miljøID-appen.
  • Gløymer du IHM-kortet/miljøID-appen får du levera avfallet, men då til normal pris. 
  • IHM-kortet skal berre nyttast av private hushald og fritidsbustader. Det er ikkje lov å låna ut IHM-kortet eller miljøID-appen til handverkarar eller andre næringsdrivande.
  • Ta godt vare på IHM-kortet. Om kortet skulle gå tapt, kan det erstattast mot ein kostnad på kr 250,-
  • Kortet fylgjer eigedomen – også ved sal.
  • Ikkje brett eller lag hol i kortet.
  • Me oppfordrar til å bruka miljøID-appen. Ein ferdast sjeldan utan mobiltelefonen, så det kan vera lika greitt å ha miljøID-appen for å identifisera deg på miljøstasjonen.

Eigedomar som er eigd av bedrift (org.nr) :                                                                                                                                                                                      Kan førebels ikkje nytta miljøID-appen. Du kan bestille fysisk kundekort  Bestillingsskjema for IHM kundekort eller ta kontakt på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller telefon 56 52 99 00.

Kundekort ihm

For camping (faste oppstillte campingvogner meir enn 3 mnd):
For faste oppstillte campingvogner/spikartelt meir enn 3 mnd, vil alle få utdelt eit IHM-kort. Dei kan førebels ikkje nytta miljøID-appen. Eigar av camping får utdelt IHM-kort av IHM. Ta kontakt med eigar av campingplass for utlevering av eige IHM-kort. 

Bestilla fysisk IHM-kundekort :
Dersom du ynskjer å bestilla fysisk kundekort (gratis ved fyrstegongsbestilling) kan du gjera dette ved å fylle ut skjema: Bestillingsskjema for IHM kundekort

Bestilla nytt IHM-kort:
Er IHM-kortet mista eller du ynskjer meir enn eitt kort, kan du bestilla fleire IHM-kort mot ein kostnad på kr 250,- ved å kontakta IHM på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller telefon 56 52 99 00.

 

Om miljøID-appen

 

Det er berre personen som står oppført som eigar av eigedomen, som kan logga seg inn på appen med bankID fyrste gong og få tilgang til eigedomen sin. Deretter kan denne personen velja å dela tilgangen til appen med andre. Dei personane eigaren vel å dela tilgang med, vil kunne levera avfall på eigar sin avtale. Det er ingen øvre grense for kor mange ein kan dela tilgang med, men avfallet skal berre koma frå eigedomen/eigedomane til personen som har delt tilgang. Om ein handverkar eller andre næringsdrivande gjer arbeid på eigedomen, skal dei ikkje få tilgang til å nytta appen då avfall frå næringsaktivitet er å rekna som næringsavfall.

Campingvogner/spikartelt som er oppstillt meir enn 3 mnd på campingplass, vil få utdelt eit fysisk IHM -kort. Dei kan førebels ikkje nytte miljøID-appen.

MiljøID-appen kan lastast ned på iPhone og Android-telefonar. MiljøID app

Kor lastar du ned appen?

  • Last ned appen frå App Store eller Google Play. Søk opp «miljøID».
  • Logg inn ved å autorisera deg med bankID fyrste gongen.
  • Del eventuelt tilgang til appen med andre i hushaldet ditt.

Korleis tar du i bruk appen “MiljøID”?

  • Opna App Store (for IOS) eller Google Play (for Android) og søk etter MiljøID. Last ned appen på din telefon.
  • Opna appen MiljøID og trykk på «Logg inn».
  • Skroll ned på lista og vel ditt renovasjonsselskap (IHM IKS)
  • Les gjennom personvernerklæringa og godta for å gå vidare.
  • Logg inn ved bruk av BankID, BankID på mobil, MinID eller Bypass ID i mobil.
  • Fyll inn dine personalia og trykk «Lagre».
  • Under menypunkt «Identifisering» finn du QR-kode som du viser fram på miljøstasjonen

Last ned rettleiar, steg for steg med bilde:  pdfrettleiar finn du her

Slik deler/får du tilgang i appen

  • Trykk på «Hjem» (Betalar du renovasjonsgebyret for fleire eigedomar, må du velgje riktig eigedom.)
  • Trykk på adressenamnet. Du vil no få ein oversikt for eigedomen.
  • Trykk på «Del eiendom».
  • Skriv inn e-postadressa til den du vil dele med i hushaldet/leigebuar.
  • Den du har delt med vil motta ein e-post med en eingongskode, som er aktiv i 48 timar. I tillegg vil du få opp koda til den du skal dela med i din app.
  • Den du vil dela med, må so lasta ned appen, og logga seg inn.

Slik får andre i hushaldet og leigetakarar tilgang

  • For å leggja til ein eigedom, må den som er mottakar av renovasjonsgebyret gje deg tilgang. Han/ho treng di e-postadresse.
  • Når vedkomande har gjeve deg tilgang, får du ein eingongskode på e-post som gjeld i 48 timer frå du mottek den.
  • Last ned og installer appen.
  • Trykk på «Hjem» og adressa om du ikkje automatisk får opp sida som begynner med «Får du ikke opp noen eiendom...» og «Legg til ny eiendom»
  • Når du har valt adressa du bur på, får du opp eit felt der du skriv inn koda du har fått på e-post. Trykk «Legg til» etterpå.
  • No skal eigedomen vere tilgjengeleg i din miljøID-app

OBS: Får du ikkje e-posten? Det er mogeleg at e-posten har hamna i spam-/søppelfilteret.

Slik sletter du tilgang

  • Ynskjer du å fjerna tilgangen til nokon i ditt hushald/leigebuar? Det gjer du ved å gå inn på «Hjem».
  • Klikk på adressa.
  • Klikk på namnet til vedkomande under «Delt med».
  • Trykk so på «Slett deling». (Det kan ta nokre minuttar før eigedomen er borte hjå vedkomande.)

Last ned rettleiar steg for steg med bilde: https://www.ihm.no/images/pdf/IHM-Rettleiar-ID-app.pdf

Kvifor må eg identifisera meg?

Som privatkunde i IHM-området har du gjennom det kommunale renovasjonsgebyret allereie betalt delar av det det kostar for å kunne levera alt avfall på våre gjenvinningsstasjonar. Næringskundar og privatkundar frå andre kommunar har ikkje gjort dette og skal difor betala full pris.

Med identifisering vert det rettferdig for alle og enklare for oss å skilja kundane.

Får ein berre eit kort per avgiftsbetalande?

I dei tilfella der ein betalar fleire gebyr på ei rekning, kan ein kontakta IHM for å få fleire kort. Me oppmodar til å bruka appen, der eigar kan gje deg tilgang, slik at du kan levera avfall.

Kva om eg ikkje har smarttelefon?

Ein må då alltid ha med det fysiske IHM-kortet. Kortet er gratis ved fyrstegongsbestilling.  Kortet kan du bestilla her: Bestillingsskjema for IHM kundekort

Har du behov for ekstra kort, ta kontakt med kundeservice på e-post eller telefon, og  me vil hjelpa deg. (Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. / 56 52 99 00 )

 

 

Eg vert ikkje godkjend når eg går inn i appen. Kvifor ikkje?

Då kan det vera at du ikkje er registrert som eigar av bustaden. Då må du kontakta vedkomande og få han/ho til å dela tilgangen med deg via appen.

Eigedomar som er eigd av bedrift kan førebels ikkje nytta miljøID-appen, men må tinga fysisk kundekort. Bestillingsskjema for IHM kundekort

Faste oppstillte campingvogner/spikartelt kan førebels ikkje nytta miljøID-appen, men kan få utlevert kort av camping.

Får eg tilgang til appen dersom eg deler eller leiger bustad?

  • Det kan du få. Eigar av bustaden kan gje deg tilgang gjennom å gå inn på sin eigen app og gje deg tilgang der. Han/ho treng e-posten din til dette.
  • Når tilgang er delt, vil du motta ein kode via e-posten din. Hugs å sjekka at den ikkje har hamna i spam/søppelposten din.
  • Last ned appen, identifiser deg med BankID, skriv inn koden du har motteke på e-post og du skal då få tilgang til QR-koden for eigendommen der du bur.
  • pdfLast ned rettleiar - steg for steg med bilde.

Kva skal eg gjera dersom eg mister IHM-kortet mitt?

Er IHM-kortet mista eller du ynskjer meir enn eitt kort på same gnr/bnr , kan du bestilla fleire IHM-kort mot ein kostnad på kr 250 ved å kontakta IHM på Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller telefon 56 52 99 00.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300