Miljøstasjonar
Me oppmodar deg til å sortera avfallet ditt med tanke på gjenbruk og gjenvinning, og til å bruke miljøstasjonen. Slik beheld me ressursane i kretslaupet. Kvar og ein av oss har og eit ansvar for at farleg avfall ikkje kjem på avvegar. Leverer du farleg avfall og EE-avfall til miljøstasjonen, er du sikker på at det vert teke hand om på forsvarleg vis. EE-avfall kan du og levere kostnadsfritt i retur til forhandlar.
NB! Hugs at røyking og all bruk av eld er forbode på våre miljøstasjonar. Av omsyn til tryggleiken bør barn sitje i bilen under besøket på miljøstasjonen.
Frå 01.februar 2022 må ein nytta IHM-kundeapp eller kundekort når ein besøker ein av våre miljøstasjonar.
Informasjon hushald/hytter : https://www.ihm.no/hushald/kundekort
Informasjon næring: https://www.ihm.no/naering/kundekort-naering
Bjørkemoen
Måndag – fredag: 07.30 – 15.30 Stengt 17 mai
Torsdag: 07.30 – 18.00 Stengt 26 mai
Laurdagar kl. 10–14 fylgjande datoar: 04 juni, 02 juli, 06 august, 03 september, 01 oktober, 05 november
Holmen, Ulvik
Tysdag: 12.00 – 18.00
Stengt 17 mai
Røynstrand, Granvin
Onsdag: 12.00 – 17.30
Simadalen, Eidfjord
Mandag: 12.00-18.00