Alle dunkar skal merkast med elektronisk brikke

BIR Voss Hardanger vil på nyåret starta med å merka alle dunkane for hushald (restavfall, matavfall, papir/papp og glas/metall). Merkinga gjev oss eit felles system for registrering av tømming, og grunnlag for å utnytta rutene betre. Merking av dunkar med RFID-brikker er fyrste steg mot betre tenester.

Svar på det mange lurer på:

  • Når huset eller hytta er lite i bruk, og eg ikkje leverer avfall frå bustaden, skal eg då betale renovasjonsgebyr?

    Eigarkommunane til BIR Voss Hardanger har vedteke tvungen renovasjon for hus og hytter i vår region. Dette betyr at du må betala renovasjonsgebyr sjølv om huset ikkje er i dagleg bruk.

    Så lenge hytta er i bruk, og står oppført i eigedomsmatrikkelen, må hyttekundane betale renovasjonsgebyr, anten ho vert nytta eller ei. Politikarane har vedteke at det skal vera tvungen renovasjon i BIR Voss Hardanger sine eigarkommunar. Det er heilt umogeleg, og heller ikkje ønskjeleg å kontrollere den enkelte hytteeigar sin bruk av hytta. Gebyret kan såleis ikkje differensierast på bakgrunn av dette.

  • Kva skal til for at eg kan få fritak for renovasjonsgebyret?
    Fritak for renovasjonsgebyret kan du berre få etter søknad, dersom bustaden står tom i minst eit år. Dersom du har husvære for utleige kan du og få fritak frå gebyret dersom du går over til å nytta heile huset sjølv. I begge desse høva må avfallsdunkane leverast inn til BIR Voss Hardanger. For å få fritak må du senda inn ein søknad til BIR Voss Hardanger. Last ned Søknadsskjema for fritak av ordinær renovasjon. Ver obs på at fritaket ikkje har tilbakeverkande kraft, og BIR Voss Hardanger må ha søknaden i hende før den termin det vert søkt fritak for.
  • Kva rabattordningar har BIR Voss Hardanger?

    Kundar som komposterer matavfallet heime får redusert renovasjonsgebyr. Kontakt BIR Voss Hardanger for avtale. I tillegg til gebyrreduksjonen gjev BIR Voss Hardanger eit eingongstilskot til kjøp av kompostbinge eller til utstyr til Bokashi med inntil 50 % av innkjøpspris, maks kr 1500,- inkl. mva. mot dokumentasjon/kvittering.

    Hyttegebyr er differensiert etter storleik, veg og straum. Kompostavtale eller tilskot vert ikkje gitt til hytteabonnentar.

  • Kvifor er ikkje boset mitt tømt?

    For at du skal vere sikker på at boset ditt vert tømt, må det setjast fram til hentestaden før kl 06.30  hentedagen. Er du seinare ute med boset, kan du risikere at renovatøren alt har vore der. Sjekk også at du har sett ut rett dunk i rett vekenummer, og at du føl dei raude tala på tømekalenderen dersom du har småhushald. Det er lett å ta feil. Hugs å sortere! Dersom du til dømes kastar restavfall i papirdunken, vil ikkje renovatøren ta boset ditt med seg. Har du gjort alt rett, og du likevel opplever at dunken din ikkje er tømt, ta kontakt med BIR Voss Hardanger. Ved snø og vanskeleg føre, la dunken stå. Dei kan vere forseinka på ruta.

  • Korleis får eg tak i nye sekkar til innsamling av plastemballasje?
    Du kan få sekker til plastemballasje ved å hengje lapp på dunken din, godt synleg og skjerma for vær og vind. Du kan og få sekker til innsamling av plastemballasje på miljøstasjonen eller på servicetorget i kommunen. Dersom du har hengt lapp på dunken, og det ikkje ligg at sekker til deg, kan dette skuldast at andre kan ha falt for freistinga og tatt rullen din med sekker. Det kan og skje at dei går tomme for ruller på bilen. Ta kontakt med BIR Voss Hardanger.

Sjå fleire spørsmål og svar her

 

BIR Voss Hardanger på Instagram:

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss