Korleis plassere dunken?

  • Heilt perfekt. Like dunkar tett i tett, ulike dunkar på sida.

    Heilt perfekt. Like dunkar tett i tett, ulike dunkar på sida.

  • "Tenner" som får tak under kanten og løftar dunken opp.

    "Tenner" som får tak under kanten og løftar dunken opp.

  • Styring frå førarhuset.

    Styring frå førarhuset.

  • Plasser dunken på høgre side av køyreretninga til bosbilen.

    Plasser dunken på høgre side av køyreretninga til bosbilen.

  • Lokopninga fram mot vegen. Sjå grøn pil på dunkane.

    Lokopninga fram mot vegen. Sjå grøn pil på dunkane.

  • Pila bør stå inn mot vegen for effektiv tøming av boset.

    Pila bør stå inn mot vegen for effektiv tøming av boset.

  • Sørg for at dunken står stødig.

    Sørg for at dunken står stødig.

  • Her står dunken i gras og nedoverbakke, og det er fort at den veltar.

    Her står dunken i gras og nedoverbakke, og det er fort at den veltar.

  • Sjåføren må ofte ut og snu dunken rett veg.

    Sjåføren må ofte ut og snu dunken rett veg.

  • Dunken står sidelengs, og det er ikkje godt å få tak i den.

    Dunken står sidelengs, og det er ikkje godt å få tak i den.

  • Her står dunkane tett i tett, hulter til bulter. Då må sjåførane ut og organisera dunkane.

    Her står dunkane tett i tett, hulter til bulter. Då må sjåførane ut og organisera dunkane.

  • Pass på at ingen dunkar hindrar framkomsten.

    Pass på at ingen dunkar hindrar framkomsten.

  • Betre kjeldesortering, eller på tide med større abonnement?

    Betre kjeldesortering, eller på tide med større abonnement?

  • Lite hyggeleg syn for renovatørane, og sikkert andre.

    Lite hyggeleg syn for renovatørane, og sikkert andre.

  • Nei og nei.

    Nei og nei.

  • Her er det ikkje lett å vera renovatør.

    Her er det ikkje lett å vera renovatør.

  • Ekstra sekk skal vera merka med Indre Hordaland Miljøverk. Ta kontakt med oss om du treng sekkar.

    Ekstra sekk skal vera merka med Indre Hordaland Miljøverk. Ta kontakt med oss om du treng sekkar.

Takk for hjelpa!

Einmannsbetente renovasjonsbilar har mange fordelar med omsyn til arbeidsmiljø og effektivitet. For å få best mogleg utbytte av teknologien krev det likevel litt presisjon og omtanke av oss som set dunken ut. Som regel er det ikkje så mykje ekstra som skal til for at dagen vert ein heilt annan for renovatøren. Dersom me kjenner til dei utfordringane renovatørane møter i det daglege, er det større sjanse for at me får tilrettelagt best mogeleg for ei smidig innhenting. I denne bildekarusellen har me plukka ut døme som syner gode og dårlege eksempel. Ta kontakt dersom du har spørsmål.

Lurar du på korleis du skal sortere betre? 

Sjå IHM sin Sorteringsguide

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Eidfjord

Kommunevapen IHM Ulvik2

Ulvik

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Voss