IHM

To be or not to be

Det er nok eit fåtal som ser samanhengen mellom avfallshandsaming og dei store miljøutfordringane verda står ovanfor i dag.

"To be or not to be"

– That is the question

Det er nok eit fåtal som ser samanhengen mellom avfallshandsaming og dei store miljøutfordringane verda står ovanfor i dag. Det gamle ordtaket: Ute av syne, ute av sinn, gjeld framleis, og helst vil me verken sjå, lukte eller ha avfall. Samstundes produserer me meir avfall enn nokon gong, i Noreg heile ti gonger meir enn for 50 år sidan, og dobbelt så mykje som for ti år sidan.

I boka "Søppel" skriv Thomas Hylland Eriksen at avfallshandsaming er eit moralsk, politisk og eksistensielt spørsmål. Det handlar om korleis me ser på oss sjølv og på jorda, om me grev problema ned i bakken, som me alltid har gjort, eller om me ser på avfallet som ei forlenging av vår eige kropp, og på oss sjølve som delar av eit kretsløp med stor utstrekking i tid og rom. Då vert avfall noko me ikkje kan skyve vekk og fortrengje utan vidare.

Hylland Eriksen etterlysar ei endring i haldningar og eit nytt ansvar for det me etterlet oss, for gjenbruk og gjenvinning. Folk bør tenkje meir over avfall av fleire grunner skriv han. Det fyrste er det opplagde omsynet til miljøet. Det andre er at ting er ein del av deg, og når du kastar det, kastar du ein liten del av deg sjølv.

"Søppel" er det ikkje-varige. Difor føreslår Hylland Eriksen ei anna haldning til bos, som går på at ingenting er verdilaust, og at alt kan nyttast! Vidare undrar han seg over at tusenvis av forskarar studerer forbruk, medan nesten ingen forskar på avfall. Det er eit lite mysterium at forbruksforsking er vorte mainstream, medan avfallsforsking er underground.

I tidlegare tider dreia avfallsproblema seg fyrst og fremst om hygiene, stank og sjukdomar, medan vår tids avfallsproblem er resultat av urbanisering og industrialisering.

Utslepp av klimagassar og spreiing av miljøgiftar er alvorlege truslar mot vår sivilisasjon. Skal me bidra positivt til komande generasjonar, er avfallshandsaminga ei viktig nøkkel.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300