Korleis cruise gjennom miljøstasjonen?

Korleis cruise gjennom miljøstasjonen?

Spar tid når du er på miljøstasjonen. Trikset ligg i førebuinga. Med desse tre tipsa går det på rekordtid. Svara finn du her:

1. Ikkje bland alt i ei mølje

Du kallar det miks ja? Dersom du kjem med alt avfallet ditt i ei mølje er det ikkje berre dårleg for gjenvinninga, det skapar óg fare for brann, eksplosjon, utslepp i naturen - eller at du eller andre kan verta skada.

2. Sorter før du kjem

Gjer unna mesteparten av sorteringa før du kjem på miljøstasjonen. Når du sorterer på førehand går det raskt og enkelt å pakke og levere avfallet. Sjekk vår sorteringsguid

3. Pakk og køyr

No er det berre å ta med det sorterte avfallet til miljøstasjonen. Der har alle typer avfall sin eigen plass. Om du treng hjelp, så kontakt driftspersonell i vekta / på sorteringsrampen.  Alt avfall som er sortert vert til råstoff i ny produksjon. 

God tur!

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Eidfjord

Kommunevapen IHM Ulvik2

Ulvik

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Voss