
Sorter deg ut av oppussingskaoset
Oppussing skapar avfall og avfall skapar kaos. Ikkje nødvendigvis! Med vårt enkle system får du orden heime og levert avfallet dit det skal.
Det er enkelt å sortera medan du pussar opp! Desse enkle grepa gjer det lett å førebu seg og sortera undervegs.
Du treng
- Store, solide bagar (til dømes blå posar frå Ikea eller Maxbo).
- 1 sprittusj til å skrive på bagane.
Slik gjer du det
- Bruk sprittusj og skriv på bagane kva slags avfall som skal i kvar enkelt.
- Det kan vera lurt å ha posar til: elektrisk avfall, farleg avfall, plastemballasje, papp og restavfall, samt ein til ting du er usikker på korleis du skal sortere. Ikkje alt oppussingsavfall får plass i posar. Større ting sorterar du i haugar etter kva for materialtype det er, som til dømes ubehandla trevirke, malt trevirke, impregnert trevirke og isolasjon.
Slik veit du kva som skal kor
- Skriv ut
hugselista for oppussarar og heng den opp eller legg den på ein tilgjengeleg stad, då veit du korleis det meste skal sorterast.
- Er du likevel usikker så sjekk sortere.no. Det er lurt å ha ein solid pose til ting du treng hjelp til å sortera - den kan til dømes merkast med “hakkje peiling”.
Har du brukbare restmaterialar? Sjekk våre bygg-det-sjølv-tips. Kanskje den gamle veggen din kan bli hyller på din nye vegg?