-
Når huset er lite i bruk, og eg ikkje leverer avfall frå bustaden, skal eg då betale renovasjonsgebyr?
Eigarkommunane til IHM har vedteke tvungen renovasjon for hus og hytter i vår region. Dette betyr at du må betala renovasjonsgebyr sjølv om huset ikkje er i dagleg bruk.
-
Kva skal til for at eg kan få fritak for renovasjonsgebyret?
Fritak for renovasjonsgebyret kan du berre få etter søknad, dersom bustaden står tom i minst eit år. Dersom du har husvære for utleige kan du og få fritak frå gebyret dersom du går over til å nytta heile huset sjølv. I begge desse høva må avfallsdunkane leverast inn til IHM. For å få fritak må du senda inn ein søknad til IHM. Last ned Søknadsskjema for fritak av ordinær renovasjon. Ver obs på at fritaket ikkje har tilbakeverkande kraft, og IHM må ha søknaden i hende før den termin det vert søkt fritak for.
-
Kva rabattordningar har IHM?
Kundar som komposterer matavfallet heime får redusert renovasjonsgebyr. Kontakt IHM for avtale. I tillegg til gebyrreduksjonen gjev IHM eit eingongstilskot til kjøp av kompostbinge eller til utstyr til Bokashi med inntil 50 % av innkjøpspris, maks kr 1500,- inkl. mva. mot dokumentasjon/kvittering. Hyttegebyr er differensiert etter storleik, veg og straum. Kompostavtale eller tilskot vert ikkje gitt til hytteabonnentar.
-
Er det rabattordningar for hyttekundar?
IHM har differensierte gebyr for hytteeigarar. Dvs at du betalar mindre for ei lita hytte, langt frå allfarveg, enn du betalar for ei stor hytte med innlagt straum og veg. Det er ikkje mogleg for hyttekundar å få tilbod om heimekompostering i IHM.
-
Kvar får eg tak i strø til heimekompostering?
IHM har strø til kompostering på lager, Bjørkemoen 60 i opningstida: Mån-ons og fre: kl. 8.00-15.30, tors: kl. 8.00-18.00.
-
Eg er hytteeigar, men nyttar meg ikkje av hytterenovasjonsordninga, treng eg då å betale renovasjonsgebyr?
Så lenge hytta er i bruk, og står oppført i eigedomsmatrikkelen, må hyttekundane betale renovasjonsgebyr, anten ho vert nytta eller ei. Politikarane har vedteke at det skal vera tvungen renovasjon i IHM sine eigarkommunar. Det er heilt umogeleg, og heller ikkje ønskjeleg å kontrollere den enkelte hytteeigar sin bruk av hytta. Gebyret kan såleis ikkje differensierast på bakgrunn av dette.
-
Kvar kan eg bestilla bosdunkar?
Fyll inn skjema som du sender elektronisk til IHM, eller kontakt oss på telefon 56 52 99 00 og ein av våre kunderådgjevarar vil hjelpa deg.
-
Kva gjer eg dersom dunken min forsvinn eller vert øydelagd?
Er dunken borte når du skal ta han inn etter henting, kan du sjekke om det står ei dunk att, og om nokon kan ha teke feil dunk. Er dunken øydelagd må du ta kontakt med IHM snarast.
-
Kvifor er ikkje boset mitt tømt?
For at du skal vere sikker på at boset ditt vert tømt, må det setjast fram til hentestaden før kl 06.30 hentedagen. Er du seinare ute med boset, kan du risikere at renovatøren alt har vore der. Sjekk også at du har sett ut rett dunk i rett vekenummer, og at du føl dei raude tala på tømekalenderen dersom du har småhushald. Det er lett å ta feil. Hugs å sortere! Dersom du til dømes kastar restavfall i papirdunken, vil ikkje renovatøren ta boset ditt med seg. Har du gjort alt rett, og du likevel opplever at dunken din ikkje er tømt, ta kontakt med IHM. Ved snø og vanskeleg føre, la dunken stå. Dei kan vere forseinka på ruta.
-
Korleis får eg tak i bioposar?
Bioposar får du tak i dei aller fleste daglegvareforretningar. Les meir om kvifor me tilrår papirposar.
-
Korleis får eg tak i nye sekkar til innsamling av plastemballasje?
Du kan få sekker til plastemballasje ved å hengja ein lapp på dunken din, godt synleg og skjerma for vêr og vind. Du kan òg få sekker til innsamling av plastemballasje på miljøstasjonen eller på servicetorget i kommunen. Dersom du har hengt lapp på dunken, og det ikkje ligg at sekker til deg, kan dette skuldast at andre kan ha falle for freistinga og teke rullen din med sekker. Det kan òg skje at dei går tomme for rullar på bilen. Ta kontakt med IHM!
-
Eg leverer boset mitt på miljøstasjonen, kvifor skal eg då betale renovasjonsgebyr?
Miljøstasjonen er ikkje meint for den daglege renovasjonen, men for avfallstypar som det ikkje er ei henteordning for – eller for større mengder avfall som det ikkje er plass til i dunken heime. Renovasjonsgebyret dekkjer òg drifta av miljøstasjonane til IHM.