IHM

Renovasjonsgebyr for hushald

Renovasjonsgebyret som hushald og hytter betalar, skal dekke kostnader med renovasjonsordninga for hushaldsavfall, t.d. transport og handsaming av avfallstypar. Det skal òg dekke investeringar i t.d. miljøstasjonar og avfallsmottak, utstyr og naudsynte miljøtiltak.

Deponiet på Bjørkemoen er lokalisert i nær tilknytning til eit verna vassdrag, og det er i den samanheng stilt strenge krav til sikring mot utslepp til jord, vatn og luft. Alle deponi har og krav om tiltak mot gassutslepp. Gebyret skal òg dekke kostnader med etterdrift (vedlikehald, overvaking og kontroll) av deponiet i minst 30 år etter det vert avslutta.

 

Gebyrklassar 2021Prisar i kroner inkl.mva.
Småhushald 3165
Småhushald m/kompostering 2260
Normalhushald 4521
Normalhushald m/kompostering 3168
Storhushald 6105
Storhushald m/kompostering 4526
Halv avgift 2261

For hushald er det tøming av 140 liters bioavfallsdunk kvar 2. veke og 140 liters papirdunk kvar 4. veke.

Restavfall:

  • Småhushald 140 liters dunk kvar 4. veke
  • Normalhushald 140 liters dunk kvar 2. veke
  • Storhushald 240 liters dunk kvar 2. veke

Kompostering:

Dei som komposterar må skaffe kompostbinge sjøl, men får refundert kr 1500 (pr. 01.01.2020) av IHM ved framlagd kvittering. Dette gjeld berre ved 1. gongs kjøp! Ved fornying av binge vert det ikkje gjeve tilskot. 

Kven som er pliktig til å betale renovasjonsgebyr er regulert gjennom forskrifter vedtekne i kvar kommune. Omfanget av ordninga knytt til kvart abonnement kan du sjølv bestemme, dvs. om du ønsker heimekompostering, frekvens for tøming av restavfallet etc. Gebyret du betalar er avhengig av type abonnement.

For meir informasjon om den kommunale renovasjonsordninga sjå:

For tinging av nytt abonnement eller endring  av abonnement skal du nytta skjema : https://www.ihm.no/ny-abonnent

For byting av øydelagte dunkar kan du sende oss ei forenkla melding til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Har du spørsmål, eller ønskjer informasjon om ordninga, kontakt oss på tlf. 56 52 99 00.

Ta kontakt med IHM når det gjeld ordningar for heimekompostering.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300