IHM

Kommunal forskrift om betalingsregulativ for gebyr

Utdrag frå kommunal forskrift om betalingsregulativ for gebyr etter forureiningslova § 34:

1.1 Administrasjonen i IHM handsamar alle gebyrsaker i samsvar med desse forskriftene.

2.1 For søknad om endring av kommunale avgifter, skal det nyttast særskilt søknadsskjema frå IHM. Søknaden vert handsama på grunnlag av dei opplysningar som er gjeve i søknadsskjemaet. IHM kan likevel henta inn supplerande opplysningar og eventuelt føreta synfaring.

2.2 Endringer av gebyr som berre omfattar endring av leveringsfrekvens eller behaldarstorleik, dvs. overgang mellom gebyrklassane små-,normal-eller storhushald, kan meldast med ei forenkla skriftleg eller muntleg melding.

2.3 Vedtak om endring av gebyr vert gjort gjeldande frå fyrste heile månad etter at IHM har motteke fullstendig søknad/melding om endring (poststempeldato).

3.2 For å få renovasjonsordning som gjeld for fritidsbustad, må bygget vera byggemeldt som fritidsbustad eller fått godkjend bruksendring til fritidsbustad. Vidare må bygget ha sterkt redusert bruk i høve til bustadhus.

4.1.1 For bustadhus som ligg over 500 meter frå hentestad kan ein etter søknad få nedsett renovasjonsgebyr til inntil halvparten av gebyret for normalhushald.

6.4 Gebyret vert rekna fullt ut sjølv om huset periodevis står tomt.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300