IHM

Henteordningar

IHM driv ei moderne avfallshandsaming der kjeldesortering står i fokus. Slik tek me vare på ressursane i staden for å gjera avfall til eit problem. Dette inneber innsamling og vidare handsaming av alt avfall frå dei i underkant 9000 hushalda i regionen. IHM tilbyr ein kombinasjon av henteordningar og bringeordningar.

Henteordningar

For det vanlege hushaldsavfallet; matavfall, papp, papir, drikkekartong, glas- og metallemballasje og restavfall er det utdelt dunkar. For plastemballasjen vert det nytta spesiallaga perforerte sekker. Dei som komposterar må skaffa kompostbinge sjølv, men får refundert noko av summen ved å visa kvittering (sjå prisliste). Dette gjeld berre ved 1. gongs kjøp! Ved fornying av binge vert det ikkje gjeve tilskot. I tillegg får dei som komposterar redusert avfallsgebyr.

Hushaldsavfallet vert henta på faste ruter, og dei ulike rutene har ulike dagar for tømming.
Finn rutenummeret ditt. – Last ned app for tømming.

Abonnentar som har normalhushald (henting av restavfall kvar 14. dag), må merka restavfallsdunken med merkemateriell. Sjå pdfMerking av restavfallsdunken korleis den grå dunken skal vera merka.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300