Tilskotsordningar

Redusert gebyr for abonnentar som heimekomposterer/driv med bokashi

Dei som komposterer må skaffa kompostbinge sjølv, men får refundert 50% av innkjøpspris, maks kr 1500,- av IHM ved å leggja fram kvittering. Dette gjeld berre ved 1. gongs kjøp! Ved fornying av binge vert det ikkje gjeve tilskot.

Gebyret vert òg redusert. Les meir om kompostering.

Støtte til tøybleier

IHM ynskjer å motivera småbarnsforeldre i regionen til å bruka tøybleier. Kvart barn produserer over 1 tonn med restavfall dersom det nyttar papirbleier. Den samfunnsøkonomiske nytten ved å bruka bleier som kan vaskast i staden for papirbleier, er stor.

Tøybleier er miljøvenlege. Papirbleier inneheld tungt nedbrytbare stoff og eignar seg ikkje til gjenvinning eller kompostering. Når ein i tillegg tenkjer på transporten av bleiene og avfallet, er det ikkje tvil om at tøybleier er eit meir miljøvenleg alternativ, sjølv om du må bruka vaskemaskina oftare.

Tøybleier er òg bra for barnet. Lufttilgang hindrar utslett og sår stump. I tillegg sparar du pengar. (Sjå rekneskap om dette på fleire nettstader.) IHM støttar småbarnsforeldre som vel å nytta tøybleier med ein eingongssum på inntil kr 1250,-, avgrensa til 50 % av kjøpesum ved kjøp av nye tøybleier.   

Søknadskjema finn du her

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Eidfjord

Kommunevapen IHM Ulvik2

Ulvik

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Voss