IHM

Søknadskjema tøybleier

IHM støttar  småbarnsforeldre som vel å nytta tøybleier med ein eingongsum på inntil  kr 1250 kroner, avgrensa til 50 % av kjøpesum ved kjøp av nye tøybleier.   

Døme 1: Kjøper du tøybleier til kr 1500,- får du kr 750,- i tilskot av IHM

Døme 2: Kjøper du tøybleier til kr 2500,- får du kr 1250,- i tilskot av IHM

IHM gir tilskot til kjøp av nytt utstyr ( ikkje brukt ) 

Krav til kvittering:

* Innsendt kvittering skal dokumentere at det er kjøpt inn produkt som IHM gjev tilskot til.    Produktet må vera betalt før søknad er sendt inn. Vippsbetaling utan komplett kvittering og kvitteringar der det er uklart kva produkt som er kjøpt inn, blir avvist.

* Søknad med kvittering som ikkje oppfyller dokumentasjonskrava blir avvist.

* Kvittering må ikkje vera eldre enn 1 år.

Me gir tilskot til: 

Brettebleier, formsydde bleier, brillebukser/sperrelag/lommebleier,innlegg/kluter til bleier, alti i eitt/to bleier.

Me gir ikkje tilskot til: 

Næringsdrivande, forbruksmateriell som f.eks rispapir, lanolinolje/ullkur og ullsåpe, strikkeoppskrifter, garn til sjølvstrikk, strikkepinner etc, frakt på produkt.

Krav: 

Private søkjarar, søkjar må vera busett i IHM kommune, det vert gitt tilskot per barn (eingongstilskot), kvittering må ikkje vera eldre enn 1 år.

Fyll ut skjemaet og trykk på send. IHM tek kontakt dersom me treng fleire opplysningar.

Søknadskjema tøybleier

*Du kan søkja for fleire barn, men dei må framleis bruka tøybleier når du søkjer

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300