Søknad om fritak for renovasjon

Skriv ut og signér pdfdette søknadskjemaet viss du vil søkja om fritak for renovasjon. Ta med eller send søknadskjemaet til IHM, eller ta kontakt for meir informasjon.

Utdrag frå kommunal forskrift om betalingsregulativ for gebyr etter forureininslova §34:

2.3 Vedtak om endring av gebyr vert gjort gjeldande frå fyrste heile månad etter at IHM har motteke fullstendig søknad/melding om endring (poststempeldato).

2.4 Vedtak om fritak for renovasjon og tilsvarande gebyr gjeld i inntil 2 år. Minst to månader før vedtaket går ut, kan det søkjast om forlenging av fritaket med inntil to nye år. Dersom IHM ikkje har fått søknad om forlenging innan fastsett tidsfrist, vert gebyret automatisk justert til normalt gebyr.

3.1 Bygg som står tomme i minst eit år kan, etter søknad, få fritak for renovasjon og tilsvarande gebyr. Fritaket vert gjeve i samsvar med pkt. 2.3, 2.4 og 2.5

3.2 Grunnlag for varig fritak : Bueiningar som er gått tapt/riven. Bueiningar til nedfalls. Eininga gjev ikkje lenger rom for kvile og høve til matstell, og kan ikkje setjast i bebueleg stand. IHM føretek ei konkret vurdering          om kriteria er oppfylte. Fritaket vert gjeve i samsvar med punkt 2.3 og 2.4

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Eidfjord

Kommunevapen IHM Ulvik2

Ulvik

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Voss