IHM

Hyttehistorikk

Hytte er eit norsk begrep som tradisjonelt har blitt brukt om ein mindre bygning, ved sjøen, til fjells eller ute i skog og mark. Ei hytte for kortvarig overnatting og med få eller ingen moderne bekvemmelegheitar.

Seinare har ordet "hytte"  fått ei utvida betydning "fritidsbolig" eller "fritidshus".

Allereie tilbake på 1600-og 1700-talet ferierte overklassen i dei norske byane ved si eige hytte på landet. 

Den norsk turistforening motiverte bønder til å ta imot byfolk på gården og setra.

Det handla om lys og luft og tumleplass. Om å gjera noko anna enn heime. Fiske, snikkere og plukke bær. Mange begynt så smått å drøyme om ein liten stad for seg sjølv.

Drøymen fekk næring av ferielova som kom i 1947 som gav norske arbeidstakarar rett til tre vekes ferie. Økonomien var på veg oppover og folk hadde behov for å skjemma seg bort etter fem magre krigsår.

Det vart stor etterspørsel etter hyttetomter, og håndbøker i sjølvbygging solgte i store opplag. Materialmangelen var stor til langt ut på 1950- talet. Den tradisjonelle hytta var liten og enkel. Som oftast med utedo og utan innlagt vatn eller straum.

På 1960-talet vart hytter for alvor eit massefenomen i Norge. Velstandsutvikling, lengre feriar og auka mobilitet førte til at me opplevde det historikarane har kalt for ein hytteboom.

På 1970-talet gjekk kvinner for fullt ut i jobb og dei ville ikkje lenger  slita på hytta. Dei forlangte god skapplass, skikkeleg oppvaskebenk, innlagt vatn, kvitevarer og elektriske apparat. Kvinner har vore pådrivarar for utbygging og modernisering i meir enn ein mannsalder. Norges statsminister gjennom fleire år, Einar Gerhardsen, er blant dei som har omfavna hyttekulturen og friluftslivet. Gerhardsen gav ved fleire anledningar uttrykk for at hytteliv kunne føre til bedre folkehelse.

I dag finnes det ca 440 000 hytter. Svært mange hytter vert bygd med alle vanlege boligfasilitetar og bekvemmelegheitar. Dei aller fleste hyttefelt har no veg, vatn og kloakk. Dagens bruk av hytter minnar lite om tradisjonane med den enkle koia i skogen eller på fjellet. I dag ligg ei typisk hytte i tilrettelagt hyttefelt med god infrastruktur og i nærleiken av sportsanlegg og servicetilbod.

Kilde: Store norsk leksikon

Hytterenovasjon er eit miljøstiltak:

Dei siste åra har mengda avfall frå hyttene eksplodert. Ei av årsaken er nok at hyttene er i bruk større delar av året. Med fleksibel arbeidsordningar, moglegheit for tidleg pensjon og fleire generasjonar som nyttar hyttene ilag, er det  nærast heilårsbruk på mange hytter.

Hytterenovasjon er ei lovpålagt ordning. Uansett størrelse på hytta genererer det avfall, og dette er avfall kommunane er pålagt å ta hand om.Eit viktig prinsipp i norsk avfallspolitikk, er at forureinsar skal betale. Den som produserer avfall, skal dekke kostnadene ved dette. Innsamling og behandling av avfall er ikkje gratis. Den lovpålagte tenesta med innsamling skal leverast til sjølvkost, det vil sei at hytteeigar skal betale det tenesta kostar, verken meir eller mindre. 

Avfall frå hytter og fritidsboligar har lenge blitt behandla kun som restavfall og sendt til forbrenning. Det er ei stor sløsing med ressursar. I avfallet ligg det gode materialar som kan brukast på nytt. Vi veit at mange og ynskjer å sortere når dei er på hytta. Me arbeider derfor stadig med å få bedre sorteringsløysingar på hyttereturpunkt. Ein god del punkt for hytterenovasjon har i dag ordning for levering av papir, plast og glas- og metallemballasje. Dette er ikkje gratis. Miljø kostar pengar. Sist, men ikkje minst, hytteeigarar skal føle at tilbodet er i tråd med deira forventningar. Returpunkt skal sjå ordentleg ut, skal ha jevnleg tilsyn og vedlikehald. Dei skal tømmes ofte  nok og vera tilgjengeleg. 

Vi arbeider kontinuerleg med å forbedre våre tenester for å  løyse oppgåva vi er pålagt til - til det beste for hytteeigarar og miløet. 

 

 

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300