IHM

Renovasjonstenester for hytter og fritidsbustader

IHM ønskjer å leggje til rette gode ordningar med vekt på kjeldesortering for hyttefolk. I større hytteområde har det lenge vore tilbod om levering av sorterte avfallstypar. Me arbeidar med å gje stadig fleire abonnentar sorteringsløysingar ved hytta.

Dersom det ikkje er etablert sorteringsordning for ditt hytteområde, kan du levere papir, papp, drikkekartongar, plastemballasje og glas- og metallemballasje til miljøstasjonen i kommunen.

NB! Følgjande avfallsstypar må leverast til miljøstasjonen:

Bygg- og rivningsavfall, møblar, metall og andre store gjenstandar. Farleg avfall - til dømes: beis, måling, lakk, løysemiddel, spillolje, lut, batteri og trykkimpregnert treverk.
Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall). EE-avfall kan òg leverast gratis i retur til forhandlar!

Forutan at det er sterk vekst når det gjeld tilrettelegging og utbygging av nye område for fritidsbustader, endrar òg bruken av fritidsbustadane seg. Betre komfort fører til oftare og lengre opphald, og større hytter gjev rom for fleire. I 2007 innførte IHM differensiert renovasjonsgebyr også for fritidsbustader. Sjå kriterie for differensiering.

Dei 3 klassane er delt etter følgjande kriterium:

  • Storleik
  • Veg fram til hytta
  • Elektrisk straum (ikkje solceller)

 

Fritidsbustad. Gebyrklassar 2020StorleikPrisar inkl. mva.
Fritidsbustad, gebyrklasse låg 25% av normalhushald 1114
Fritidsbustad, gebyrklasse middels 45% av normalhushald 2004
Fritidsbustad, gebyrklasse høg 70% av normalhushald 3119

 

Unntak

Det er eigne satsar for fritidsbustader under 20m2, campinghytter, campingvogner, fritidsbustader over 120 m2 og utleigeeiningar.

Kriteria for differensiering av hyttegebyr finn du i kommunedelplan avfall 2006 - 2009, vedlegg 4. Sjå og punkt 4.3 og punkt 5.3.4.

Kven som er pliktig til å betale renovasjonsabonnement er regulert gjennom forskrifter vedtekne i kvar kommune, sjå forskriftene.

Vil du endra abonnement?

Sjå skjema for søknad / melding om endringar. Fritidsbustader vert vist til fellescontainerar, bosbuer og eventuell lokal miljøstasjon.

Sjå oversyn over kvar hyttecontainerane er plassert.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300