IHM vil i løpet av hausten 2018 starte innsamlingsruter for glas- og metallemballasje. Når den nye ordninga er innført vil dei eksisterande bringepunkta verta avvikla.
Dette skal oppi dunken:
|
Glasemballasje - Glasemballasje frå mat- og drikkevarer. Klar og farga glasemballasje som flasker, syltetøyglas m.m |
|
Metallemballasje – Metallemballasje frå mat- og drikkevarer. Hermetikkboksar, drikkeboksar utan pant, aluminiums- folie, -beger og -behaldarar inkl. telyshaldarar i aluminium. |
Dette skal ikkje oppi dunken:
Glas og metall som ikkje er emballasje. Steintøy, eldfaste former, steikepanner, gryter, keramikk, porselen, krystall, knuste glasruter o.l., omnsglas
NB! Medisinflasker må leverast i retur til apoteket!
Gjenstandar som ikkje passar i det runde innkastet på loket skal ikkje oppi dunken!
Ver klar over at:
• Innføring av den nye ordninga medfører ikkje endring i gebyret
• Tøming av dunkane vert starta opp hausten 2018. IHM si heimeside vert fortløpande oppdatert.
- Visste du at…
Det er eit stort potensiale for å spare energi ved gjenvinning av glas- og metallemballasje. Til dømes reduserar ein energibruken med 90% ved å produsere aluminium frå gjenvunne materiale framføre jomfrueleg materiale. For kvart kilo produsert aluminium sparar ein 10 kg CO2 ekvivalentar. I tillegg sparar me jomfruelege ressursar som det er knappheit på.