Covid 19 - innsamlingsruter/miljøstasjon
Informasjon om IHM sine koronatiltak
IHM tar situasjonen rundt spreiing av covid-19 alvorleg og gjennomfører ei rekkje tiltak for å redusere smittespreiing både internt og i kontakt med våre abonnentar og kundar.
Me ber derfor våre besøkande om å ta fylgjande hensyn ved besøk til miljøstasjon:
Hald god avstand - minst ein meter frå kvarandre og hald din plass i køen, ha god håndhygiene før, under og etter besøket hjå oss. Er du i karantene skal du IKKJE ta turen til våre miljøstasjonar.
Sorter avfallet godt før du lesser på bilen. Me tar i mot betaling både på kort og vipps! IHM vil så langt det lar seg gjere å halde våre miljøstasjonar åpne.
Me stenger kundeservice for fysiske henvendingar f.o.m 9.november. Du kan treffe oss på telefon 56 52 99 00 eller e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Innsamling av hushaldningsavfall går som normalt.
I ein situasjon med omfattande smittespreiing blant befolkninga er det viktigare enn nokon gong at avfallsinnsamlinga fungerer og at våre renovatørar og driftspersonell held seg friske. Hjelp oss å halda dei friske med enkle grep:
- Ver nøye med sortering
- Alt av restavfall ligg knytt i pose
- Alt av bioavfall ligg i biopose
- Sørg for at loket på behalder er godt att, slik at det ikkje vert restar på utsida
- Lag dobbelknute på plastretursekk og set attmed dunken. IKKJE knyt fast i papirdunken.