IHM

Ja, det nytter!

Henteordninga for glas- og metallemballasje har vore i drift rundt eit halvt år. Resultata let ikkje vente på seg. Samanlikna med fyrste kvartal i fjor, vart det i år samla inn om lag 35 prosent meir glas- og metallemballasje frå hushalda i fyrste kvartal.

Dette er verdifullt råstoff som kan nyttast til ulike produkt. Mellom anna har Sirkel Glas etablert samarbeide med restaurant Rest i Oslo. Her tryller dei fram dei lekraste rettar, av råvarer som normalt hadde vore kasta. Maten får du servert på servise som er laga av resirkulert glas. Elles vert glas råstoff i Glava, glasbyggjestein o.l. Gjenvunnet metall vert til nye syklar, hermetikkboksar osv. 

Me opplever at abonnentane har teke vel imot ordninga, og me har fått mange positive tilbakemeldingar. Her kan du lese ei studentoppgåve frå NTNU om henteordning for glas- og metallemballasje.

Sorteringa er stort sett bra, men den største utfordringa er at ein del tek med produkt som t.d. porselen, drikkeglas, glasruter, og steikepanner. Dette er ikkje emballasje av glas eller metall og skal ikkje i dunken. Visste du at ein porselenshank kan øydeleggje eit tonn glas?

I motsett fall er det mange som ikkje er klar over at aluminiumsfolie, og formar frå t.d. fiskegrateng er med i ordninga, sjølv om emballasjen ikkje er heilt rein. Dette er viktig å få med! Hugs at gjenvinning av aluminium kun treng 5 prosent av den energien som vert nytta til å produsere aluminium frå jomfruelege råvarer. Har du spørsmål, sjekk sorteringsguiden vår her, eller ta kontakt via IHM-appen, e-post, fb eller telefon 56 52 99 00.  

Bilettetekst: 100% resirkulert glas frå Sirkel, prod. av Formbar Glass, designa av Odd Standard.

 

Indre Hordaland Miljøverk

Bjørkemoen 60, Voss

Postboks 161, 5701 Voss

Telefon 56 52 99 00

Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

facebook  instagram

   

Kommunevapen IHM Eidfjord1

Eidfjord

 

Kommunevapen IHM Granvin1

Granvin

 

Kommunevapen IHM Jondal1

Jondal

 

Kommunevapen IHM Ullensvang1

Ullensvang

 

Kommunevapen IHM Ulvik1

Ulvik

 

Kommunevapen IHM Voss1

Voss