IHM
  • Heim
  • Kan leiker vera farleg avfall?

Kan leiker vera farleg avfall?

Dessverre er det slik at mange forbrukarar ikkje er klar over at leiker kan vera farleg avfall...

Blinkesko innside

Fleire og fleire av leikene er elektriske og elektroniske produkt (ee-produkt). Dei går på straum eller batteri og har ofte leidningar og kretskort. I slike produkt finn me ofte miljøgifter som kvikksølv og bromerte flammehemmarar. Dette er farlege stoff som det er viktig å få ut av kretsløpet!

Kvar skal du levere elektrisk leiketøy?

Dessverre er det slik at mange forbrukarar ikkje er klar over at slike leiker er farleg avfall. Dermed hamnar alt for mange elektriske leiker i restavfallet når dei vert kasta. Både forretningar som sel elektrisk leiketøy og kommunale avfallsmottak har plikt til å ta imot utrangerte leiker med elektronikk frå forbrukarane er gratis.

Dette er farleg i elektrisk leiketøy

  • Batteri
  • Kretskort
  • Plasten / tekstilen

Kvifor er dette farleg avfall?

Truleg er det knappecellebatteri i dei minste leikene. Slike batteri kan innehalde kvikksølv. Plasten, tekstilen og kretskortet i elektrisk leiketøy inneheld sannsynlegvis bromerte flammehemmarar.

Kvikksølv er eit giftig tungmetall som kan gje nyreskadar, skadar på nervesystemet og fosterskadar.

Bromerte flammehemmarar er akutt giftige for organismar som lev i vatn. Bromerte flammehemmarar vert lett teke opp i kroppen sitt feittvev, ogkan føre til leverskade, hormonforstyrring og nerveskade på menneske.

Tilbake til Barn og unge

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300