IHM
  • Heim
  • Klipp hekk og busker

Klipp hekk og busker

Hekk og tømming av dunk
Det er sommar og hekkar og busker veks i rekordfart. Enkelte stader har hekken vokse ut i vegbanen.
God sikt er ein føresetnad for at du skal få auge på gåande og syklande som krysser avkøyrsla di.
Busk og hekk langs vegar og innkøyrsler gror til og skapar problem for våre renovatørar. Bilar og utstyr vert skrapa opp og øydelagt, men viktigast av alt er sikkerheita. Det er vanskeleg å sjå både køyretøy og mennesker bak store hekkar og busker.
Me set stor pris på om du tar ein ekstra sjekk på din eigedom. På den måten bidreg du til større tryggleik.
Me treng plass for å hente avfallet ditt - både hjå deg og hjå naboen din. Hjelp oss å minske risikoen for ulykker og skadar. Fortsatt god sommar 🙂
Statens Vegvesen: "Eig eller disponerer du ein eigedom
med avkjørsle til veg eller gang- og sykkelveg?
Då har du ansvar for å sørge for fri sikt ved di
avkjørsle. (jf. Veglova §31 og §43)."

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300