IHM

Kompostering

Alt organisk avfall frå kjøkkenet kan komposterast, og du får flott næringsrik jord tilbake.


Korleis starte opp?

Kontakt IHM for:

  • søknad om heimekompostering
  • for kjøp av kompostbinge/eller annan godkjend omdanningsprosess
  • for kurs og rettleiing

Godkjent komposteringsmetode

• Godkjend vinterisolert kompostbinge for varmekompostering

• Bokashi - Føregår delvis inne, i ei lita lufttett bokashibøtte og dels anten inne i ei kasse med litt jord eller ute. Du kan lese meir om dette her: www.bokashi.no

Grunnreglar for kompostering med kompostbinge

Følgjande er avgjerande for eit godt resultat:

  1. Ein lyt få praktisk opplæring før ein går igang med å kompostera.
  2. Riktig strø og riktig bruk av strø er nykkelfaktorar.
  3. Kompostbingen må vera godt isolert og ha eit godt luftesystem.
  4. Kompostbingen må ha ein tett og solid innerboks som toler eit greip.
  5. Loket på bingen bør slutte til, slik at floger ikkje kan leggje egg mellom loket og bingen.
  6. Ved tømming av bingen, bør det øvste laget som ikkje er ferdig råkompost danne startmaten ved neste oppstart.
  7. For å halda ein jamn temperatur, må ein "fore" bingen 2 gonger i veka.
  8. Eit greip er eit nadsynt reiskap ved heimekompostering.
  9. Omrøring er svært viktig.

Full omrøring av dei øverste 30 cm ein gong i veka, før du legg i nytt avfall (evt. annankvar veke).

Grunnreglar  for kompostering med bokashi:

Bokashi er ein 3-trinns rakett til næringsrik kompostjord. Dei to fyrste trinna SKAL føregå innandørs.

Trinn 1: er når du fyller bokashibøtta med matavfall ein gong om dagen og strør bokashistrø over.

Trinn 2: er ein gjærings- eller fermenteringsperiode på minimum 2 veker. Når du har fyllt opp bokashibøtta, skal den stå med lufttette lokket på og kvile innandørs i 2 veker.

Trinn 3: skal fermentert bokashi i kontakt med jord for å bli jord. Det kan skje inne eller ute - i ei kasse med litt jord, i pallekarm i hagen, eller rett i jorda.


Redusert gebyr for abonnentar som heimekomposterar eller driv bokashi

I tillegg til gebyrreduksjon gjev IHM eit eingongstilskot til kjøp av kompostbinge eller til utstyr for bokashi. I tilskot (2019) får du 50% av innkjøpspris, maks kr 1500,- inkl. mva. 

Bruk av ferdig kompost

  1. Bland komposten med jord eller sand
  2. Plant ikkje i rein kompostjord, då den er for sterk for dei fleste plantar
  3. Brukartips: Nylagd bed eller plen: 1 del kompost 5 deler mager jord

Jordforbetring

Gjødsel: 10 liter kompost pr. m2, blandes lett
Blombed: 3 - 10 liter kompost pr. m2 pr. år i overflata
Blomkasse: 1 del kompost 3 - 5 deler sand eller mager jord
Planting av tre: 1 del kompost 5 deler sand eller mager jord kring røtene

VARMKOMPOST

Vossakompen er ein vêrbestandig og god kompostbinge for heimekompostering produsert hjå Kveik. For kjøp av Vossakompen, kontakt Kveik, tlf. 56 52 08 60 eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

For kompostering med Bokashi må du bestille via Bokashi Norge sin nettbutikk: www.bokashi.norge

Vil du vite meir om Cipax Kompen og kompostering kan du laste ned fylgjande produktark:

pdfCIPAX KOMPEN, produktfakta

pdfCipaxkompen-rettleiing-2014.pdf

IHM forhandlar Cipaxbingen. Prisen (i 2020) er kr 4664,- inkl. mva. (3164, - ved 1. gongs kjøp).

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300