IHM

Kva blir avfallet til?

Å ta vare på ressursane i avfallet er ein viktig del av IHM sin filosofi. IHM tok hand om 35 918 tonn avfall i 2019. Lett forureina masse til deponi utgjorde 18 138 tonn, medan avfall til materialgjenvinning var 6 8502 tonn og avfall til energiutnytting utgjorde 9 307 tonn.

 

papir   Papp og papir

Vert levert til BIR i Bergen for optisk sortering og balling. Herfra går papirråstoffet vidare til ulike anlegg. Mellom andre Norske Skog sitt anlegg i Skogn. Norske Skog er verdas nest største produsent av avispapir og verdas tredje største produ­sent av magasinpapir. Selskapet har hovudkontor i Noreg og fabrikkar i 14 land over heile verda. Produksjonskapasitet på cirka 6,5 millioner tonn papir i året.

skrapmetall   Metall

Vert hovudsakleg levert til Norscrap West på Hanøy­tangen, Askøy. Blanda skrapmetall vert så sortert i ulike metalltypar og sendt til materialgjenvinning ulike stadar. Det meste av metallet vert gjenvunne i Mo i Rana. 

farleg avfall   Farleg avfall

Farleg avfall som til dømes kjemikal, batteri, gass og sprayboksar vert send til samarbeidspartnar i Bergensområdet. Der vert dei send vidare i større lass til gjenvinningsaktørar. Batteri til dømes, vert send til Batteriretur. Batteria vert demonterte og komponentane gjenvunne.  

plast   Plast

Avtale med Materialreturselskapet Grønt Punkt Norge (GPN). Plastemballasje frå hushald vert levert via Grønt Punkt til ulike mottakarar m.a. i Tyskland for sortering. Plastfolie frå næring og lanbruksplast vert levert til Folldal Gjenvinning. GPN garanterer at 75% av den innsamla plasten går til materialgjenvinning, og vert til nye produkt som møblar, leiker, fleece-klede, bereposar m.m. Plast av dårleg kvalitet erstattar olje og kol som brensel i industrien. 

glas,metall   Glas og metall

Vert levert til Sirkel AS. På Onsøy utanfor Fredrikstad, driv Sirkel eit av verdas mest moderne anlegg for gjenvinning av glas- og metallemballasje. Gjenvunne glas vert råstoff til ny glasemballasje og nye produkt som glava isolasjon, glasopor, skumglas og glasbetong. Resirkulert metall og aluminium vert selt til smelteverk i Noreg eller eksportert, og vert til fly-, bil-, og sykkeldelar, spikar, binders, hermetikkboksar og andre produkt av metall. Råstoffet har same høge kvalitet som heilt nytt materiale.

ee-avfall   Elektronisk avfall

Vert levert til Materialreturselskapet RENAS og NorSirk. Produkta vert demontert, og miljøgiftene vert tekne hand om på forsvarleg vis. Kjøleskåp vert tappa for drivhusgass, metall som kopar, gull, sølv og palladium vert seld som nye råvarer. Plasten vert sendt til materialgjenvinning eller energiutnytting. Rundt 85% av det behandla avfallet går til materialgjenvinning eller ombruk. Lysstoffrøyr går til anlegg for elektronikkgjenvinning der kvikksølv, bly og andre tungmetall vert fjerna, og sendt vidare til gjenvinning.

Anna.png   Ombruk

Klede levert i innsamlingscontainer vert henta av Fretex og går til ombruk og gjenvinning.

Restavfall.png   Restavfall

Restavfallet IHM tek i mot og samlar inn vert ved hjelp av avfallsmeklar seld i marknaden som drivstoff til forbrenningsanlegg med fjernvarme og straumproduksjon. Det er eit krav at anlegga skal ha minimum ei energiutnyttingsgrad på 65%.

For 2019 gjekk IHM sitt restavfall til desse forbrenningsanlegga:

Forbrenningsanlegg

jan

feb

mar

apr

mai

jun

jul

aug

sep

okt

nov

des

Totalt

Sarpsborg Energi, Sarpsborg

571

315

362

361

207

434

660

572

607

523

417

225

5255

Jönköping, Sverige

52

108

 

213

301

80

48

         

801

Borregaard, Sarpsborg

           

28

         

28

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

6 084

Trevirke.png   Trevirke

Vert kverna av IHM og omsett i marknaden ved hjelp av avfallmeklar. Forbrenning skjer på ulike anlegg. 

I 2019 gjekk IHM sitt treverk til forbrenning i desse anlegga:

E.ON Ørje, Sverige  204 t
Kraftringen, Sverige 391 t

Noko av det ubehandla treverket (utan maling og lim) går til HBio sitt fjernvarmeanlegg på Gjernesmoen.

Hageavfall.png   Hageavfall

Hageavfall kan du enkelt kompostere i din eigen hage, men det kan òg leverast til miljø­stasjonen. Hageavfallet vert kverna og kompostert ved IHM. 

Hageavfall.png   Matavfall

Matavfall vert omlasta på Bjørkemoen og køyrt vidare til biogassbehandling. Matavfallet vert idag handsama av Greve biogass. 

Avfallstraumar 2019

Avfallstraum hushald 2019

 

 

Avfallstraum næring 2019

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300