IHM
  • Heim
  • Kva gjer ein med hageavfallet?

Hageavfall skal ikkje i matavfallsdunken. Kva gjer ein så med hageavfallet?

Sommaren er komen og med det veks og graset.

Me opplever at fleire kastar sitt nyklippa gras frå hagen i dunken for matavfall.

Våre bilar som hentar rest-og matavfall heime hjå deg har to kammer.

Eit kammer for matavfall og eit for restavfall. Kammeret for restavfallet er mykje større enn for matavfallet.

Når så mangen fyller opp matavfallsdunken med hageavfall skapar det problem for innsamlinga.

Ein kan kaste mindre mengder, men matavfallet er det som det skal vera mest av i dunken.

Kva gjer ein med hageavfallet?

Me minner om at det for privatpersonar er gratis å levere hageavfall på våre miljøstasjonar.

På Bjørkemoen er det opent heile året for hageavfall. Dei andre miljøstasjonane kan ein levere hageavfall frå veke 17 tom veke 26.

Ein kan og kompostere hageavfallet. Alt slags grøntavfall frå hagen kan brytast ned til jord igjen og gi næring til nytt liv i hagen. 

Me viser til naturvernforbundet si nettside for meir detaljer om kompostering av hageavfall :  https://naturvernforbundet.no/hage/komposter-hageavfallet-article32754-3649.html

 

Ynskjer alle fine dagar i hagen.

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300