IHM

Landbruk

LANDBRUKSPLAST

På avfallsmottaket på Voss kan du levera landbruksplasten heile året, men me oppmodar til å levera i løpet av mai månad. Innsamlinga i Eidfjord, Granvin, Jondal, Ulvik og Ullensvang i mai/juni, vert annonsert på heimesida og oppslag ved miljøstasjonKvaliteten på den innsamla landbruksplasten er framleis svært varierande. Her må me verta betre til å sortera! Dette er viktig for at innsamlingsordninga skal kunna halda fram slik som no.

Dersom du lager eit sorteringssystem som fungerer godt, vert sorteringa enklare og kvaliteten på plasten betre.

Me minner om sorteringskrava. Landbruksplasten skal sorterast i to fraksjonar:

• Rundballesekker, emballasjesekker, innersekk i storsekk, krympeplast, bobleplast, rundballefolie, klebe-/strekkfolie

• Voven yttersekk

Det er viktig å sortera frå nylonnett og tauverk. I den grad det er mogeleg ber me og om at plasten er rista rein for jord, stein, streng, plankar og liknande.

JERN OG METALL

Skrapmetall frå landbruksnæringa kan leverast til IHM sine miljøstasjonar heile året. Me kan betale for skrapmetall etter nærare avtale når metallprisindeksen tillet det. Større mengder skrapmetall kan hentast gratis etter avtale.

FARLEG AVFALL

Farleg avfall skal handsamast forsvarleg. Alle som oppbevarer, transporterer eller handsamar farleg avfall, skal treffa naudsynte tiltak for å unngå fare for forureining eller skade på menneske eller dyr.

Farleg avfall skal ikkje blandast saman med anna avfall. Ulike typer farleg avfall skal ikkje samanblandast dersom dette kan føra til fare for forureining, eller skapa problem for den vidare handsaminga av avfallet.

LEVERINGSPLIKT

Verksemder der det oppstår farleg avfall, skal levere avfallet til den som etter § 11-6 og § 11-7 (i avfallsforskrifta) kan håndtera avfallet. Det farlege avfallet skal leverast minst 1 gong per år. Leveringsplikt inntrer ikkje før den totale mengda farleg avfall overstig 1 kg.

Dersom verksemder vert lagd ned eller får driftsstans utover 3 månader inntrer leveringsplikta umiddelbart.

IHM har alle naudsynte konsesjonar og godkjenningar for å ta imot farleg avfall. Ta kontakt for gjennomgang av behov og vurderingar i samsvar med gjeldande reglar og forskrifter.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300