* Ynskjer du sommarjobb hjå IHM?
* Ledig vikariat sjåfør Kl C
Våre flotte medarbeidarar fortener snart litt ferie og me ser etter deg som kan hjelpe oss gjennom sommaren og kanskje og framover?
Er du...
* Skuleelev/student
* Arbeidssøkande
* Deltidsarbeidande
* Oljeturnus
* Pensjonist
...og du ynskjer å jobbe som driftsarbeidar på våre miljøstasjonar, som sjåfør kl B eller C eller som kontor/sentralbordmedarbeidar - då er den du den me ser etter.
Me ynskjer:
Driftsmedarbeidarar på miljøstasjon
Arbeidsoppgåver:
- kunderettleiar og mottakskontroll
- sorteringsarbeid
- rydding og enklare vedlikehald
- transportoppgåver
Det er fint om du har førarkort, men dette er ikkje noko krav.
Arbeidsstad vert som hovudregel på Bjørkemoen på Voss, men frå tid til anna kan det også verte aktuelt med å jobbe i Eidfjord, Ulvik og Granvin.
Vikarane vil inngå i arbeidsplan etter avtale. Arbeidstid iht opningstider på Bjørkemoen og miljøstasjonane i Eidfjord, Ulvik og Granvin, ref www.ihm.no for opningstider.
Det er fleire stillingar ledig, hovudsakleg innanfor 60-100% stillingsbrøk. Du må oppgje kva veker du kan jobbe.
Kortfatta søknad med CV og referansar sender du via Finn.no eller på epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. , innan 01.04.2023. Merk søknad "Drift23"
Me ynskjer:
VIKAR SJÅFØR KLASSE C (sommar-og tilkallingsvikar)
Me ynskjer å koma i kontakt med deg som gjennom sommaren og evt vidare gjennom året kan gå inn som sjåfør på våre komprimatorbilar, liftbilar, krokbilar og varebilar. Du må ha førarkort klasse C, godkjent YSK (Yrkessjåførkompetanse), og gjerne ADR-kompetanse. For våre sjåførar er serviceinnstilling og evne til godt samarbeid viktige eigenskapar. Opplæring vert gjeve.
Kontaktpersonar: Drift- og HMS-leiar Sven Gunnar Ramstad, tlf 95 89 96 89 og Leiar Næring, Bjarte Nedkvitne, tlf 99 54 67 88
Kortfatta søknad med referansar sender du via Finn.no eller på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. , innan 01.04.2023. Merk søknad "VikarC".
Me ynskjer:
-
1 SJÅFØR KLASSE C i vikariat 1 år
Me har ledig 100% stilling som sjåfør kl C på komprimatorbil. Tilsetting snarast eller etter avtale. Arbeidstid iht arbeidsplan med gjennomsnittsberekning av arbeidstid.
Du må ha førarkort klasse C og godkjent YSK. Du må meistre norsk skriftleg og munnleg. Du er påliteleg og ein god kollega som tek ansvar. For våre sjåførar er serviceinnstilling og evne til godt samarbeid viktige eigenskapar. Opplæring vert gjeve.
Lønn iht tariff/Bedriftsavtalen. Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktperson: Drift- og HMS-leiar Sven Gunnar Ramstad, tlf 95899689.
Kortfatta søknad med CV og referansar sender du via Finn.no eller på epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 01.04.2023. Merk søknad "Vikariat".
Me ynskjer:
-
Sommarvikar kontormedarbeidar
Arbeidsoppgåver:
- Sentralbordfunksjon
- E-post
- Anna førefallande kontorarbeid
Du bør vera fyllt 17 år og kunne arbeide i veke 27 – 31. Arbeidsstad er på Bjørkemoen.
Me søker etter deg som har gode kommunikasjonsevner.
Du må meistre norsk skriftleg og munnleg.
Du er påliteleg og strukturert.
Du har grunnleggande IT kunnskapar.
Søknadsfrist: 01.04.2023
Kortfatta søknad med CV med referansar sender du til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. . Merk søknad «vikar kontormedarbeidar»