IHM
  • Heim
  • Levering av avfall i sekk til miljøstasjon

Levering av avfall i sekk til miljøstasjon

Tranparent sekk

 

Dersom du leverer avfall i sekk til miljøstasjon, må sekken vera gjennomstiktig. Dette er for at det skal vera mogleg å kontrollera leveransen utan å sprette opp sekken. 

Erfaring viser at avfall som er forbode å kaste i restavfallet, ofte vert kasta feil. Når avfallssekkene inneheld farleg avfall og litiumbatteri, utgjer dette ein risiko både med omsyn til miljøet og tryggleiken til dei som sorterer avfallet. Praksisen medfører at det vert vanskeleg for IHM å utføra mottakskontroll i tråd med gjeldande konsesjonar. Gjennomsiktige avfallssekker er å få på dei fleste daglegvareforretningar mm.

Takk for at du tek tryggleiken på alvor. Om du har spørsmål, ta kontakt på tlf. 56 52 99 00.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300