Framover vil både abonnentar og kundar som treng ny dunk til matavfall få dunk med knallgrønt lok 

Utskrifting av dunkar vil skje over tid, det vil ikkje vera riktig å skrote dunkar som i dag har brunt lok når dunkane fortsatt fungerar som dei skal.
Så har du matavfallsdunk med brunt lok som fungerer, skal du framleis bruks denne.
Her syner vår kollega Hus fram korleis dunken med grønt lok ser ut.

Kvifor tenker du kanskje?
Det har blitt laga ein nasjonal standard for kva symbol og farge som skal brukast for sortering. På denne måten skal det vera det same kvar du bur i landet. Nabolanda våre har òg byrja ta i bruk symbola. Er du t.d på campingferie i Danmark skal du kjenna att symbola som igjen bidreg til rett kjeldesortering.
Dei same symbola finn du òg på emballasje for at det skal bli enkelt å forstå kvar du skal kasta avfallet.
Ei felles merkeordning for avfall i Noreg er etterlengta og eit godt steg i riktig retning for å gjera det enklare for forbrukarane å kjeldesortera rett 
