IHM
  • Heim
  • Matavfallsdunk og kuldegrader

Matavfallsdunk og kuldegrader

Når kulegradene kryp nedover vert det ei utfordring for matavfallsdunken. Det er fort for at matavfallet frys fast i botnen av dunken eller frys fast i sida. Det vert då vanskeleg for renovatørane våre å få tømd ut innhaldet i dunken. Dei forsøker å "kakke" forsiktig i dunken, men må vera varsame for at ikkje dunken skal sprikke eller gå i kammeret.

Tips for å unngå matavfallet frys fast inni dunken: Legg eggekartong eller avispapir i botnen av dunken og bruk papirposar til matavfallet. (Papirposar merka IHM, får du utan kostnad i dei aller fleste daglegvarebutikkar i området)

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300