IHM

Matsvinn - prosjekt redusere kasting av mat

Matsvinnfamilie

Kvar innbygger i Norge kaster 42,1 kg mat kvart år, eller kvar 8 berepose. Matsvinn utgjer 8 % av alle menneskeskapte klimagassutslepp globalt, og betyr unødvendig bruk av ressursar for produksjon av mat som aldri blir spist.

Matsvinn er mat som burde vore ete. Altså, den nyttbare delen, ikkje bein, skrell eller skal.

IHM skal no saman med Voss Herad ha eit prosjekt for å redusere matsvinn innanfor omsorgssektoren og familar i Voss.

Med på laget er Østfoldsforskning  og Fremtiden i våre hender.

Miljødirektoratet har løyvd 200.000 kroner til matsvinn-prosjektet gjennom sin klimasats, etter søknad frå Voss Herad.

IHM og Voss Herad går inn med tilsvarande sum til saman i eigenandel.

Me vil fylgja Vetleflaten Omsorgssenter og familiane  gjennom prosjektet og kjem til å legge ut meir om korleis resultatet blir. 

Fokus i prosjektet er å kartlegge årsaker, innføre tiltak, utarbeide matsvinnstatistikk og lage ein rettleiar for trygg gjenbruk og redistrubusjon av mat.

Vil du fylgja med? Titt innom sida her om litt!

(Grunna koronavirus er prosjektet satt på vent inntil vidare) 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300