IHM
  • Heim
  • Matsvinn eller Matvinn?
Foto: Avisa Hordaland/Bjørn Sandnes

Bli ein matreddar !

Møt Geir Ole Selland og dotter Elida som saman med resten av familien har vist store resultat i å redusere matsvinn.(Foto: Avisa Hordaland/Bjørn Sandnes)

Som ein del av satsing for mindre matsvinn har Voss Herad saman med Framtiden i våre hender og Indre Hordaland Miljøverk IKS hatt eit prosjekt som me kallar MatVinn. Det er å auke kunnskap og engasjement om matsvinn og redusera kasting av mat blant innbyggjarane  i Voss Herad. Det handlar om handlingsendringar.

FN sitt bærekraftsmål er å halvere matsvinnet målt i kg per innyggjar innan 2030. I dag vert det kasta 43 kg etbar mat per innbyggjar per år. 

Matsvinn er kort fortalt alle etbare  delar av mat, produsert for mennesker som vert kasta.

FN anslår at så  mykje som 1/3 av all maten som vert produsert i verda ikkje vert eten. Matproduksjon som me er heilt avhengig av, medfører bruk av ressursar og utslepp av klimagassar. Matproduksjon står for nærare 1/3 av dei globale klimagass utsleppa. Matsvinn bidreg til klimaendringar, matsvinn legg beslag på landareal og naturressursar. Matsvinn er eit etisk problem (1 av 9 mennesker i verda lever av kronisk svolt. Maten som vert kasta globalt kan mette nærare 2 milliardar mennesker.)  I Norge er det i heimen ein kastar mest mat. Over 60 % av matsvinnet kjem frå meg og deg. Det folk kastar mest av er middagsrestar, deretter frukt- og grønnsaker samt brød og bakervarer. Dei eldre kastar minst, medan dei yngre kastar mest. 

Som ein del av satsing for mindre matsvinn har Voss Herad saman med Framtiden i våre hender og Indre Hordaland Miljøverk IKS hatt eit prosjekt som me kallar MatVinn. Det er å auke kunnskap og engasjement om matsvinn og redusera kasting av mat blant innbyggjarane  i Voss Herad. Det handlar om handlingsendringar.

Med oss på laget fekk me med oss 5 familiar i Voss Herad som alle takka sporty JA  då dei blei tilfeldig valgt ut. Det er eit tema som opptek mange og som  dei aller  fleste har eit forhold til. Det vart valgt ut 4 familiar med små born i tillegg til ein hustand med 1 person. Prosjektet gjekk over 4 veker, der dei i to rundar skulle vege og føre opp alt dei kasta av mat og rekne dette ut i kroner. Mellom vegerunde 1 og vegerunde 2 fekk kvar familie ei innlogging i digitalt verktøy der dei fekk lære meir om tiltak for å redusere matsvinn og rutinar for å unngå å kaste mat.I tillegg fekk familiane ei eige gruppe på facebook der dei kunne dele erfaringar og tips og råd. Kjersti Larsen frå Framtiden i våre hender (bilde under) var prosjektleiar saman med Anita Traa frå IHM.

Kvar familie oppnådde flotte resultat, noko som viser seg at det er kun haldningsendring som skal til. Erfaringane til familiane som deltok i prosjektet er interessante og viktig å dele vidare. Familien Selland melder at dei i tillegg til å spare fleire hundre kroner kvar veke avdi dei har klart å redusere matsvinnet med 79 % - og gjev eit lite bidrag til betre klima og miljø. Borna har blitt veldig engasjerte og no et dei opp all maten på tallerken kvar dag utan at noko vert kasta. Geir Ole Selland har tre gode råd for å redusera matsvinnet i ein familie: 1. planlegg innkjøp av mat godt, og kjøp for ei veke i slengen. 2. Kjøp gjerne mat som nærmar seg dato for utløp, så hjelper du og butikkane med å redusera matsvinn. 3. Planlegg porsjonane godt! Det er spesielt viktig med omsyn til borna. 

Familen som kom best ut klarde å halvere sitt matsvinn med heile 83 %. Fyrste vegerunde (veke 1) kasta familien 5827 gram mat, medan i siste vegerunde kasta familien kun 983 gram. Det er reduksjon på 4844 gram. Familien Selland reduserte matsvinnet sitt med 79 %. Gjennomsnitt reduksjon i matsvinn vart på 63,2 %.

Voss Herad, Framtiden i våre hender og Indre Hordaland Miljøverk ynskjer å takke kvar familie for flott deltaking i prosjektet. 

Dei fleste årsaker til matsvinn: gløymd i kjøleskap, gått ut på dato, dårleg planlegging, feil oppbevaring, for store porsjonar. 

Du kan lese meir om matsvinn og korleis bli eit matreddar ved å lese på  nettsida til Framtiden i våre hender: https://www.framtiden.no/

 

 Familien Selland har vega matrestar.               Blide Kaja er med på matsvinnprosjektet.       Kjøttsaus laga av restemat i kjøleskapet.

Facebookbilde matBlid KaiaSpaghettiKjersti Larsen

Kjersti Larsen frå Framtiden i våre hender.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300