IHM

Medeigar

Retura

Retura er ei franchisebasert kjede som består av 23 eigarselskap, interkommunale og private. IHM er eitt av dei. Med mange hundre tilsette og ei omsetnad på om lag 1,5 mrd. er Retura ein av dei største aktørane i landet i vår bransje.

Retura er ein leiande leverandør av avfallstenester til næringslivet og tek imot alt avfall frå alle bransjer, over heile landet. Ingen dekkjer landet betre enn Retura, og når du vel å samarbeide med eit Returaselskap får du lokalkunnskap med på kjøpet.

Kundeporteføljen til Retura omfattar alt frå landsdekkande avtalar med store aktørar, til profesjonelle lokale løysingar for mindre enkeltståande verksemder. Selskapet er medviten sin rolle som miljøansvarleg og arbeidar for å finne dei beste gjenvinningsløysingane og førebyggje forurensing. Retura sitt slagord er «Eit miljø i balanse».

Hordaland bioenergi

Hordaland Bioenergi AS er eit selskap eigd av Voss Energi AS og Indre Hordaland Miljøverk IKS. Hordaland har store skogsressursar og selskapet skal bidra til framtidsretta ressursutnytting og lokal verdiskaping gjennom auka hogst og inntening for lokale skogeigarar. Selskapet skal vere ein føretrekt samarbeidspartnar i samband med bygging og drift av varmesentralar, samt produksjon og levering av kvalitetsflis. Selskapet har forretningskontor i Voss kommune.

 

 

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300