Mottak av landbruksplast
Det vert høve til å levere landbruksplast til miljøstasjonane i opningstida desse dagane
Ulvik: tysdag 24 mai, tysdag 31 mai, tysdag 7 juni
Eidfjord: mandag 23 mai, mandag 30 mai
Granvin: F.o.m veke 20 - tom veke 24 NB! Kontainer står ved fellesfjøsen i Øvre Granvin
Levering av landbruksplast utanom desse dagane kan skje til avfallsmottaket på Voss gjennom heile året, men me oppmodar til å levere i løpet av mai månad.
Me minner om sorteringskrava. Landbruksplasten skal sorterast i to fraksjonar:
• Rundballesekker, emballasjesekker, innersekk i storsekk, krympeplast, bobleplast, rundballefolie, klebe-/strekkfolie
• Voven yttersekk
Det er viktig å sortera frå nylonnett og tauverk. I den grad det er mogeleg ber me og om at plasten er rista rein for jord, stein, streng, plankar og liknande.
Dersom du lager eit sorteringssystem som fungerer godt, vert sorteringa enklare og kvaliteten på plasten betre.