Årsaka til at IHM innfører kundekortet er at me ynskjer å gjera det enklare for deg som kunde når du leverer avfall på ein av våre miljøstasjonar.
Ein av IHM sine operatørar vil registrera besøket ditt på miljøstasjonen ved hjelp av IHM-kortet eller miljøID appen.
IHM-kortet tilhøyrer verksemda det er registrert på, og avfallet du leverer vil då verta registrert på denne verksemda. Skal du levera avfall privat må du nytta kortet du har som er knytt til ditt abonnement for din bustad eller fritidsbustad.
Klikk på fanene for meir info:
-
Kunde-app / kort for miljøstasjon
Frå 10. mai 2022 må verksemder nytta miljøID-appen eller IHM-kundekort ved leveransar av avfall til IHM sine miljøstasjonar. Årsaka til at IHM innfører kunde-app er for å sikra at næringskundar vert identifisert riktig. Med identifisering blir det rettferdig og enklare for alle. Verksemda får kontroll over kven som kan levere avfall for seg og oversikt over kva som er levert.
-
Om IHM kortet
Frå 10.05.2022 må du nytta IHM-kundekort eller miljøID-appen når du skal levera avfall til ein av våre miljøstasjonar.
Med kundekortet eller miljøID- appen identifiserer du deg på vegne av verksemda di. Arbeidsgjevarar kan no sikra at det er tilsette med godkjenning som leverer avfall for verksemda. Med identifisering blir det rettferdig for alle, og enklare for oss å skilja kundane.
- For å unngå unødvendig kø, last ned miljøID-appen og logg deg inn (rettleiar finn du her), eller ha IHM -kortet klart før du køyrer til miljøstasjonen. Skjema for bestilling av fysisk IHM-kundekort: Bestillingsskjema for IHM kundekort næring
- Verksemda må utpeika ein administrator for tilgangen. Denne kan delegera vidare fullmakt til tilsette.
- Ein av våre operatørar vil registrera besøket og avfallet på stasjonen ved hjelp av IHM-kortet eller miljøID-appen.
- Kundeapp/kort for næring skal berre nyttast for næringsverksemder.
- Ta godt vare på IHM-kortet. Om kortet skulle gå tapt, kan det erstattast mot ein kostnad på kr 250,-
- Ikkje brett eller lag hol i kortet.
- Me oppfordrar til å bruka miljøID-appen. Ein ferdast sjeldan utan mobiltelefonen, så det kan vera like greitt å ha miljøID-appen for å identifisera deg på miljøstasjonen.
-
Bestilla fysisk IHM-kundekort
Dersom du ynskjer å bestilla fysisk kundekort (gratis ved fyrstegongs bestilling) kan du gjera dette ved å fylle ut skjema for bestilling av fysisk IHM-kundekort: Bestillingsskjema for IHM kundekort næring
Verksemda kan melde behov for opp til 5 kort gratis. Etter det vert det belasta eit gebyr per kort.
-
Bestilla nytt IHM-kort
Er IHM-kortet mista eller du ynskjer meir enn eitt kort, kan du bestilla fleire IHM-kort mot ein kostnad på kr 250,- ved å kontakta IHM på
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller telefon 56 52 99 00. -
Om miljøID-appen
For å kunne nytta miljøID-appen må verksemda ha eit registrert kundeforhold hjå IHM. Det er berre personen som er registrert som administrator som kan logge seg inn fyrste gong. For å registrere administrator må verksemda melde e-post adresse til denne personen til IHM. Deretter kan denne personen velja å dela tilgangen til appen med andre. Dei personane administrator vel å dela tilgang med, vil kunne levera avfall på verksemda sin avtale. Det er ingen øvre grense for kor mange ein kan dela tilgang med. Om verksemda leverer avfall på vegne av sine kundar kan ein merka leveransen med oppdragsnummer eller liknande ved å oppgje dette til personalet.
For å kunne nytta miljøID-appen må verksemda ha eit registrert kundeforhold hjå IHM. Det er berre personen som er registrert som administrator som kan logge seg inn fyrste gong. For å registrere administrator må verksemda melde e-post adresse til denne personen til IHM, Deretter kan denne personen velja å dela tilgangen til appen med andre. Dei personane administrator vel å dela tilgang med, vil kunne levera avfall på verksemda sin avtale. Det er ingen øvre grense for kor mange ein kan dela tilgang med. Om verksemda leverer avfall på vegne av sine kundar kan ein merka leveransen med oppdragsnummer eller liknande ved å oppgje dette til personalet.
MiljøID-appen kan lastast ned på iPhone og Android-telefonar.
-
Kvar lastar du ned appen?
Kvar lastar du ned appen?
- Last ned appen frå App Store eller Google Play. Søk opp «miljøID».
- Logg inn ved å autorisera deg med bankID fyrste gongen.
Korleis tar du i bruk appen “MiljøID”?
- Opna appen MiljøID og trykk på «Logg inn».
- Skroll ned på lista og vel ditt renovasjonsselskap (IHM IKS)
- Les gjennom personvernerklæringa og godta for å gå vidare.
- Logg inn ved bruk av BankID, BankID på mobil, MinID eller Bypass ID i mobil.
- Fyll inn dine personalia og trykk «Lagre».
- Verksemda sin registrerte administrator mottek ein startkode på e-post. Startkoden aktiviserast ved å klikke på den i e-posten.
- Trykk på «Hjem» nedst i appen, trykk deretter på «Legg til ny eigedom». Tast så inn startkoden og trykk på «Legg til». Verksemda vil no vera synleg under «Mine eiendommer».
- Under menypunkt «Identifisering» finn du QR-kode som du viser fram på miljøstasjonen
Last ned rettleiar, steg for steg med bilde: rettleiar finn du her
-
Slik delar/får du tilgang i appen
Slik deler/får du tilgang i appen
- Når administrator er innlogga i appen kan deling av tilgang aktiviserast ved å trykka på «Min bedrift» og deretter «Del bedrift».
- Skriv inn e-postadressa til den du vil dele tilgang med.
- Den du har delt med vil motta ein e-post med en eingongskode, som er aktiv i 48 timar. I tillegg vil du få opp koda til den du skal dela med i din app.
- Den du vil dela med, må so lasta ned appen, og logga seg inn.
Slik får andre i verksemda tilgang
- For å leggja til ei bedrift, må den som er administrator gje deg tilgang. Han/ho treng di e-postadresse.
- Når vedkomande har gjeve deg tilgang, får du ein eingongskode på e-post som gjeld i 48 timer frå du mottek den.
- Last ned og installer appen.
- Trykk på «Hjem» og adressa om du ikkje automatisk får opp sida som begynner med «Får du ikke opp noen eiendom...» og «Legg til ny eiendom»
- Når du har valt verksemda du skal representera, får du opp eit felt der du skriv inn koda du har fått på e-post. Trykk «Legg til» etterpå.
- No skal verksemda vere tilgjengeleg i din miljøID-app
OBS: Får du ikkje e-posten? Det er mogeleg at e-posten har hamna i spam-/søppelfilteret.
Slik sletter du tilgang
- Ynskjer du å fjerna tilgangen til nokon i verksemda? Det gjer du ved å gå inn på «Hjem».
- Klikk på verksemda.
- Klikk på namnet til vedkomande under «Delt med».
- Trykk so på «Slett deling». (Det kan ta nokre minuttar før verksemda er borte hjå vedkomande.)
Last ned rettleiar steg for steg med bilde: https://www.ihm.no/images/pdf/IHM-Rettleiar-ID-app.pdf
-
Kvifor må eg identifisera meg?
For at IHM skal kunne fakturera verksemda for levert avfall må me ha eit registrert kundeforhold. Bruk av miljøID app / kundekort sikrar også at personar som leverer avfall på verksemda sin konto har fullmakt til å gjere det. Næringskundar kan også levera avfall utan å bruka miljøID app / kundekort men då må det betalast med bankkort eller Vipps.
-
Kan me ha fleire kort?
Verksemda kan få inn til 5 kort kostnadsfritt ved oppstart. Dette kan vera nyttig dersom det er fleire ulike som leverer for verksemda eller det vert nytta fleire ulike bilar. Likevel vil det mest praktiske vera å nytta miljøID appen og delegera til dei som skulle trenga tilgang.
-
Kva skal me gjera dersom me mister IHM-kortet?
Er IHM-kortet mista eller du ynskjer meir enn fem kort på same verksemd, kan du bestilla fleire IHM-kort mot ein kostnad på kr 250 ved å kontakta IHM på
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller telefon 56 52 99 00.