IHM

Ny abonnent

Indre Hordaland Miljøverk er eit interkommunalt avfallsselskap, eigd av dei seks kommunane / herada: Eidfjord, Voss, Ullensvang og Ulvik. IHM har ansvaret for hushalds- og hytterenovasjonen i kommunane/herada.

Er du nyinnflytta i vår region kan renovasjonsordninga vera annleis enn du er van med. IHM var tidleg ute med kjeldesortering, og har gjennom mange år utvikla gode ordningar for ei miljørett handsaming av avfallet. Alle innbyggjarar er pålagde å følgje den renovasjonsordninga som gjeld i regionen.

Me veit at god informasjon er avgjerande for at du som abonnent skal kunne gjere ein god jobb, difor har me samla litt stoff me meiner er viktig for deg som er ny, enten som fastbuande eller som hytteeigar. Utfyllande info finn du under Hushald og Hytte og i Innsamlingsforskrifta og Gebyrforskrifta.

Det er heimelshavar som må tinge abonnement, og som får faktura. Er du leigetakar, vert tinging og endring av abonnement eit tilhøve mellom deg og heimelshavar. Du kan likevel kontakte oss for spørsmål om ordninga.

Val av abonnement

Vår tanke er at det skal løne seg å tenkje miljø, dvs. produsere minst mogeleg avfall. Sjølvsagt varierar avfallsmengda etter tal på medlemer i husstanden, men me finn også store skilnader mellom relativt sett like hushald. Det abonnementet flest hushald har, er småhushald med henting av restavfall og papp, papir og plast ein gong i månaden og bioavfall annankvar veke. Normalhushald har henting av rest- og bioavfall annankvar veke og papp, papir og plast ein gong i månaden. Begge desse abonnementa har 140 liter behaldarar. Storhushald har same hentefrekvens som normalhushald, men 240 liter behaldararar for restavfall.

Alle abonnementa gjev høve til å kompostere bioavfallet sjølv. Du må då inngå avtale med IHM, og får reduksjon i renovasjonsgebyret. Ved førstegongskjøp av kompostbinge kan du òg få tilskot frå IHM. Les meir om kompostering her.

For tinging av abonnement og dunkar, send skjema eller ta kontakt med IHM på tlf. 56 52 99 00. Du får òg ei startpakke med bio-bøtte (20 liter), rull med sekk til innsamling av plastemballasje, tømmekalender m.m. 

Anna avfall som det ikkje er henteordning for må du levere ved returpunkt eller til miljøstasjonen. Elektrisk- og elektronisk (EE)-avfall kan òg leverast til forhandlar.

Hytteeigarar må levera vanleg hushaldsavfall i hyttecontainerar. Større gjenstandar, EE-avfall, avfall frå bygge- og riveprosjekt og farleg avfall, må leverast til miljøstasjonen eller til forhandlar (EE-avfall).

Sjå òg Utdrag frå kommunal forskrift om betalingsregulativ for gebyr etter forureiningslova

Det er eit eige skjema for Søknad om fritak for renovasjon.

Skjema for oppretting eller endring av abonnement:

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300