Ny faktura på veg. Her er svar på dei mest spurde spørsmåla.

Ny faktura for renovasjon på veg

IHM sender i desse dagar ut faktura for renovasjon. Har du fått faktura for renovasjon og lurar på kva som står der?

 

Renovasjonsgebyret som hushald og hytter betalar, gjeld innsamling, transport, mottak, sortering, oppbevaring, behandling, etterkontroll, samt avsetjing til etterdrift deponi. Kommunen/heradet vedtek betalingsregulativ for gebyr og fastsett gebyr. I kommunen/heradet  er det lovpålagt innsamling av hushaldsavfall, jfr. Forureiningslova §30.

Kor ofte kjem det faktura?

Faktura frå IHM vert sendt ut to  gonger i året, vanlegvis mars og september.

Kven mottar faktura?

Den som er registrert eigar av eigedomen på faktureringsdag, er ansvarleg for betaling av renovasjonsgebyret. Dersom det ikkje er teke høgde for ubetalt renovasjonsgebyr ved salsoppgjeret, er det kjøpar som er ansvarleg for å betale, sjølv om gebyret gjeld perioden før overtakinga. Dette er eit oppgjer mellom tidlegare og noverande eigar.

Dersom du kjøper bustad/eigedom som er skyldig renovasjonsgebyr er dette ei hefting som fylgjer eigedomen. Du blir ansvarleg for dette kravet dersom seljar ikkje har betalt før du tar over eigedomen. Ved kjøp og sal gjennom eigedomsmeklar blir dette normalt ivaretatt.

Huset/hytta står tom. Kvifor får eg faktura?

Renovasjonsgebyret skal dekkje kostnadane med innsamling, transport, behandling og gjenvinning av avfall. Dette inneber at jo færre som er med å betale for drifta av innsamlinga, jo dyrare vert det for den enkelte. Dersom bygning periodevis står tom skal ein likevel betale renovasjonsgebyr.

Bueiningar/hytter som står tomme samanhengande i minst eitt år kan, etter søknad, få fritak for renovasjonsgebyr. Vedtak om endring av gebyr vert gjort gjeldande frå fyrste heile månad etter at IHM har motteke fullstendig søknad om endring.

Korleis vert gebyra fastsett?

Vår tanke er at det skal løne seg å tenkje miljø, dvs. produsere minst mogleg avfall. Sjølvsagt varierer avfallsmengda etter tal på medlemer i husstanden, men me finn også store skilnader mellom relativt sett like hushald. IHM  har difor tre ulike gebyrstorleikar, små-, normal- og storhushald. Alle abonnementa gjev høve til å kompostere bioavfallet sjølv. Du må då inngå avtale med IHM og får reduksjon i renovasjonsgebyret.

For hytter som leverer sitt avfall til hyttereturpunkt er det uråd å vite kor mykje hushaldsavfall som vert produsert frå kvar hytta. IHM har difor differensiert hyttegebyr etter kriteria areal grunnflate, veg til hytta og om det er elektrisk straum. (ikkje solcelle)

Korleis inngår eg AvtaleGiro?

Med avtalegiro inngår du ein avtale med banken din om at fakturautsteder  kan trekke eit visst beløp frå din konto. Beløp vert automatisk trekkt på forfallsdato. Merk at dersom du kun vel kun Avtalegiro, vil me fortsatt sende deg ein kopi av faktura i posten. Dersom du ynskjer å unngå å få faktura på papir vel du avtalegiro og eFaktura eller kun eFaktura.

Det er to måtar å opprette ein avtale for AvtaleGiro:

1: Ved å godkjenne avtale om AvtaleGiro når du betaler fakturaen i nettbanken.

  • : Ved at du kontaktar banken din, og oppgjer KID-nummeret som du finn på fakturaen

Korleis inngår eg e-faktura?

IHM har tatt i bruk eFaktura 2.0. Det betyr at dersom du har «takka ja» til å motta eFaktura til din nettbank vil du automatisk få faktura i din nettbank og ikkje lenger som giro i posten. På denne måten blir det lettare for deg som abonnent å betale ein faktura. Du slepp å taste inn KID – og kontonummer. Det einaste du må gjera er å bekrefta betalingen.  Samtidig  sparar me miljøet med unødig bruk av papir.

Avtalegiro og eFaktura er ein avtale mellom deg og banken din. Det er ikkje mogleg for vår kundeservice å oppretta, endra eller avslutta Avtalegiro eller eFaktura på dine vegne.

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Eidfjord

Kommunevapen IHM Ulvik2

Ulvik

Kommunevapen IHM NyeVoss2

Voss