Ny rull til plastemballasje?
Me får iblant spørsmål om korleis ein skaffar nye rullar med sekkar til innsamling av plastemballasje.
Slik får du tak i nye sekkar til plastemballasje:
- Heng lapp med melding på papirdunken (blå) når du set dunken fram. Hugs å ta omsyn til vêrmeldinga! Du kan til dømes leggja lappen inni ein gjennomsiktig plastpose som du bind fast til dunken. På finvêrsdagar held det å teipa ein lapp til dunken når du sett han fram. Du vil då få ny rull med sekker.
- Ta kontakt med tenestetorget i kommunen din, miljøstasjonen i kommunen eller IHM sitt avfallsanlegg på Voss.
- Dersom du er der når ein av renovasjonsbilane kjem forbi, kan du òg spørje om å få ein ny rull.
- Hugs dobbel knute på sekken når du set den ut på hentedagen! NB! Ikkje knyt sekken i avfallsdunken, gjerde eller anna. Takk :)
Lukke til - og takk for innsatsen din for eit betre miljø.