IHM
  • Heim
  • Ny rull til plastemballasje?

Ny rull til plastemballasje?

Me får iblant spørsmål om korleis ein skaffar nye rullar med sekkar til innsamling av plastemballasje. 

Slik får du tak i nye sekkar til plastemballasje:

  1. Heng lapp med melding på papirdunken (blå) når du set dunken fram. Hugs å ta omsyn til vêrmeldinga! Du kan til dømes leggja lappen inni ein gjennomsiktig plastpose som du bind fast til dunken. På finvêrsdagar held det å teipa ein lapp til dunken når du sett han fram. Du vil då få ny rull med sekker.
  2. Ta kontakt med tenestetorget i kommunen din, miljøstasjonen i kommunen eller IHM sitt avfallsanlegg på Voss.
  3. Dersom du er der når ein av renovasjonsbilane kjem forbi, kan du òg spørje om å få ein ny rull.
  4. Hugs dobbel knute på sekken når du set den ut på hentedagen! NB! Ikkje knyt sekken i avfallsdunken, gjerde eller anna. Takk :)

Lukke til - og takk for innsatsen din for eit betre miljø.

 

Indre Hordaland Miljøverk IKS

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Facebook    Instagram

 
IQNet MSYS001 norsk 300